Hopp til innhold

Fire personar med svineinfluensa

Fire personar er no smitta med svineinfluensa i Sogn og Fjordane.

Sjukeseng

FIRE SMITTA: Fire personar er smitta med svineinfluensa i Sogn og Fjordane (Illustrasjonsfoto)

Foto: Rune Fossum (MMS-foto) / NRK

Førre veke vart det bekrefta at éin person hadde svineinfluensa her i fylket. No har tre personar til blitt smitta.

– Det er vanskeleg å seia noko om utviklinga, men det vil truleg bli påvist fleire tilfelle i vekene som kjem, seier Reidar Hjetland, avdelingssjef ved mikrobiologisk avdeling til Sogn Avis.

For sesongen 2012–2013 har Folkehelseinstituttet sendt ut knapt 412.000 dosar sesonginfluensavaksine til kommunane for bruk til risikogruppene.

Svineinfluensaen ser ut til å ha råka Sør- og Austlandet hardast denne sesongen. Sidan første november er det 259 personer som har testa positivt for svineinfluensa på laboratoriet på Ahus.