NRK Meny
Normal

Fire personar involverte i møteulukke

Fire personar er sendt til Førde sentralsjukehus etter ei trafikkulukke på riksveg 5, mellom Førde og Naustdal.

Trafikkulukke ved Naustdal

TRAFIKKULUKKER: To vaksne og to born blir sendt til sjukehus i Førde etter trafikkulukka ved Førdefjorden.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Ulukka skjedde like før klokka 14. Det var tre personar i den eine bilen, og ein i den andre.

– To vaksne og to born er tekne med til Førde sentralsjukehus. Det er moderate skader, opplyser politiet på Twitter.

To bilar frontkolliderte ved Klopstad mellom Førde og Naustdal.Fire personar sendt til sjekk ved Førde sentralsjukehus.

Politiet opplyser at ulukka skjedde i ei 70-sone.

– Meldarane opplyser at det er glatt på staden, men kva som er årsak til ulukka er vanskeleg å seie før vi har avhøyrt dei involverte og vitne, seier operasjonsleiar Ole Tom Nord ved Vest politidistrikt sin operasjonssentral i Florø.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå