NRK Meny
Normal

Bil med fire personar køyrde av vegen

To personar er sendt til sjukehus i Førde etter ei trafikkulukke ved Åmot i Gaular i natt.

Laster kart, vennligst vent...

AV VEGEN: Ein bil med fire personar køyrde av fylkesveg 57 ved Åmot i Gaular. To personar vart sendt til sjukehus.

Politiet fekk melding om ulukka i 0230-tida natt til laurdag. Det var fire personar i bilen som køyrde utfor fylkesveg 57.

To personar vart lettare skadde og vart køyrde til sjukehus i Førde.

– Det er ikkje mistanke om promillekøyring, opplyser politiet laurdag morgon. Det er førebels uvisst kvifor føraren mista kontroll på bilen, men ulukka skal etterforskast av Gaular lensmannskontor.