NRK Meny
Normal

Fire nye veker i varetekt

Dei tre som er sikta etter brannen på Selje hotell, får fire nye veker i varetekt, medan etterforskinga pågår.

Brannen i Selje Hotell

Tidleg på morgonen 25. november brann delar av Selje hotell. No er Styreleiar, éin av eigarane og dagleg leiar av hotellet varetektsfengsla i fire nye veker.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Dei vart i dag framstilte for varetekt på nytt etter at dei fire første vekene i varetekt no har gått ut.

– Vi ba om fengsling i fire veker, og tingretten var einige i det, seier politiadvokat Magnus Engh Juel til NRK, etter fengslingsmøtet i Fjordane tingrett.

Styreleiar på hotellet og ein av eigarane av hotellet er sikta, medan den andre eigaren er ikkje sikta. I tillegg er òg dagleg leiar sikta etter brannen. Dei er sikta for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det.

Då dei tre sikta vart varetektsfengsla 2. desember, sa advokat Ivar Blikra som representerer ein av dei sikta, at han ikkje forsto kvifor klienten hans var sikta.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser