Hopp til innhold

Fire nye veker i varetekt

Ein mann i 20-åra er fengsla i fire nye veker i samband med ei stor amfetaminsak som er under etterforsking i Sunnfjord. Mannen har mellom anna erkjent omgang med 840 gram amfetamin og 275 gram hasj. Han er straffa fleire gonger før og vart i juli prøvelauslaten frå sin siste dom. Då hadde han over halvanna år att å sone. Politiet fryktar at mannen kan gjere nye lovbrot om han ikkje blir fengsla. Mannen samtykka til fengslinga.

beslag av amfetamin i førde
Foto: Politiet