NRK Meny
Normal

Fire nye redningsdykkarar utdanna

Om få dagar får Sogn og Fjordane fire nye redningsdykkarar. Dermed er det i alt seks dykkarar i fylket, og beredskapen er sikra.

Redningsdykkar driv trening i Førde.
Foto: Arve Uglum / NRK

Lenge har berre to redningsdykkarar hatt ansvar for heile Sogn og Fjordane. Men på måndag vert altså fire nye dykkarar uteksaminerte.

Reidar Kirketeig.
Foto: Arve Uglum / NRK

Redningsdykkarane har i snitt rykka ut 12-15 gonger i året sidan starten for ni år sidan. Utan dei ville fleire liv gått tapt. Men det såg lenge ut til at fylket ville miste dei livreddande dykkarane.

- Vi var heilt nede på null. Vi hadde ikkje pengar til å investere i utstyr eller arrangere kurs. Vi mista og tre av dei fem vi utdanna i 2003. Vi sat to dykkarar igjen og følte oss pressa i kne. Det var heller ingen som møtte oss for å få til ei fast, økonomisk ordning for å få drifta til å gå rundt, seier Reidar Kirketeig, som er leiar for redningsdykkarane i Førde Røde Kors Hjelpekorps. 

Gåver vart berginga

Men etter fleire ulukker og stor mediemerksemd rundt pengeproblema til redningsdykkarane, har gruppa klart å samle ein så stor pengesum at dei kan utdanne nye dykkarar og investere i naudsynt utstyr. På måndag er det eksamen for dei fire, og dermed er det i alt seks redningsdykkarar i fylket.

- Det såg ille ut, men takka vere private og ulike organisasjonar har vi fått inne mange gåver, og det er desse pengane vi no brukar på opplæring. Det betyr at vi no får ein tilfredsstillande, frivillig beredskap i heile fylket, seier Kirketeig.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.