Hopp til innhold

Fire medaljer til fylket på første NM-dag

Som eldste kvinne i feltet var det Merete Helgheim frå Gloppen som var desidert raskast på 3000 meter hekk under NM. Også tre andre frå fylket henta edelt metall på Askøy.

Merete Helgheim gjekk inn til NM-gull på 3000 meter kappgang

Merete Helgheim gjekk inn til NM-gull på 3000 meter kappgang. 36-åringen meiner ho ikkje har vore i særleg bra form før i år, men ingen kunne slå ho i dag.

Foto: Eigil Instebø

Merete Helgheim var første deltakar frå fylket som sikra seg medalje. Ho gjekk inn til sterke 13,39,80 på distansen 3000 meter hekk. Dette heldt til både ny krinsrekord og NM-gull.

– Det gjekk heilt greitt. Eg hadde som mål å komme under 14 minutt, og det klarte eg fint, så då heldt eg det tidsskjemaet eg hadde håpa på, seier Helgheim.

– Betre med alderen

Lagleiar for Gloppen under NM er Jørund Årdal. Han er mektig imponert over Helgheim sin prestasjon.

– Ho blir berre betre og betre dess eldre ho blir. Så dette er verkeleg bra, seier han.

Han seier Helgheim sjølv hevdar å ikkje trene så mykje på kappgangen, men meiner ho trass dette er svært god på den tekniske biten.

Marius Vedvik

NM-GULL: Marius Vedvik var først over streken på 5000 meteren i NM, med tida 14.19.63.

Foto: EIGIL INSTEBO

Sjølv må Helgheim le litt av Årdal sin påstand om at ho blir betre med alderen.

– Eg har ikkje vore i veldig god form elles i år, men i dag fungerte det bra, seier 36-åringen som kan flirer når ho fortel at ho ikkje har tenkt å gi seg før ungjentene tek ho att.

Mange sterke prestasjonar

Sogn og Fjordane sine utøvarar leverte mange sterke prestasjonar på NM sin første dag.

Fylket sitt andre NM-gull for dagen kom på 5000-meteren for menn, der Marius Vedvik var raskast med tida 14,19,63.

Florø-løparen Øyvind Strømmen Kjerpeset tok NM-sølv på sin 400 meter hekk, med tida 52,63.

Trude Raad frå Gloppen klarte bronse i sleggekonkurransen, med 63,23 meter som sitt lengste kast.