Hopp til innhold

Fire månader i fengsel etter ulukke

Ein 21 år gammal mann frå Sogn er dømd til 120 dagar fengsel etter eit trafikkuhell. Ein person vart påkøyrt og måtte seinare amputere eine foten.

Det var i september 2004 at ulukka skjedde. 21-åringen var på veg heim frå jobb, og før ulukka hadde han køyrt forbi i alt fire biler.

Ved inngangen til ein høgresving kom han for langt ut i starten av svingen. 21-åringen har forklart at han då rykte hard i rattet, det førte til at kom over midtstripa og kolliderte med ein møtande bil.

- Måtte amputere foten

Bak den møtande bilen kom det også ein motorsykkel som vart treft av 21-åringen sin bil. Motorsyklisten måtte seinare amputere eine foten under kneet på grunn  av skadane han fekk i samanstøyten.  

Retten meiner å funne det bevist at at årsaka til ulukka var at domfelte heldt for høg fart, og i følge utrekningar som Statens Vegvesen har gjort heldt 21-åringen minst 125 kilometer i timen ved inngangen til svingen der ulukka skjedde.  

Fersking bak rattet

På ulukkestidspunktet hadde 21-åringen hatt førarkort i eitt år. Retten finn det skjerpande at han i løpet av denne tida hadde fått to forenkla førelegg for fartsoverskridingar. 

Retten finn at 120 dagar fengsel er ei passande straff, halve straffa blir vart på vilkår slik at 21-åringen slepp med å sone 60 dagar bak murane. I tillegg til at han må vere utan førarkort i tre år. 

21-åringen er og dømd til å betale den skadde motorsyklisten 80.000 kroner i erstatning, og han må ut med 5000 kroner i sakskostnader.