NRK Meny
Normal

Fire månader fengsel for grove tjuveri i Stryn

Ein mann i 30-åra må sone i fengsel etter fleire tjuveri i 2015.

Innbrot hos Nettbuss og Firda Billag

OM OG OM IGJEN: Mannen, som no er dømt, braut seg inn fem gongar på tre veker, og stal kontantar og grasklipparar. Før dette hadde han stole ein leigebil.

Foto: Bengt Flaten/Fjordingen

I august 2015 gjennomførte mannen fem innbrot og tjuveri i Stryn sentrum, på tre veker. No må han sone fire månader i fengsel og betale nesten 100 000 kroner i erstatning.

Den første gongen braut han seg inn i sjåførrommet på rutebilstasjonen i Stryn, ved å knuse eit vindauge. Denne natta fekk han med seg 3 600 kroner i kontantar frå rommet.

Ei veke etter dette hadde det knuste vindauget blitt erstatta med ei treplate. Men mannen ville inn igjen, så han braut opp treplata og kom seg inn i sjåførrommet og stal 13 300 kroner i kontantar.

Ti dagar seinare braut han seg inn i Stryn Idrettslag sitt verktøyskur, ved å klippe av ein hengelås. Der fann han ein kantklippar som han tok med seg. Tidlegare hadde han òg stole ein grasklippar frå dette skuret.

To dagar etter dette braut han seg igjen inn på rutebilstasjonen, gjennom det same vindauget. Denne natta fekk han med seg 11 500 kroner i kontantar.

To veker etterpå vart han arrestert, i ein bil han leigde i april det året. Ifølge leigekontrakten skulle han levere tilbake bilen i mai, men han bestemte seg for å behalde bilen til midt i september, då han vart arrestert.

Han tilstod alle ugjerningane, og vart i Fjordane tingrett dømd til fire månader i fengsel. 45 dagar av denne straffa er for å ikkje levere tilbake bilen han hadde leigd.

Mannen er òg dømd til å betale erstatning på til saman 92 037 kroner. Dette inneber erstatning for eigendelen til bilutleige-selskapet, summen forsikringsselskapet betalte ut for leigebilen som ikkje var levert tilbake, og erstatning for skadane ved innbrota på rutebilstasjonen.