- Dette er ei stor fjør i hatten for Sunnfjord-klubben, meiner Arne Sørensen Schei, som saman med Martin Berntsen og landslagsdebutant Nils Numme er dei tre Førde-spelarane som landslagstrenar Darek Marszalek har teke med i troppen som møter Romania, Kviterussland og Belgia i kvalifiseringsturneringa i Romania.
Geir Eithun. Arkivfoto NRK
Eithun sjølvskriven
I tillegg er tidlegare Førde-spelar og Italia-proff Geir Eithun sjølvskriven på det norske laget, som har eit ørlite håp om å gå vidare frå første runde i VM-kvalifiseringa, seier Arne Sørensen Schei.