Eid er eitt av lokallaga som sette Hoddevik på topp, og leiar Kjell Sørland er sikker på at det blir slik når nominasjonsmøtet i Sogn og Fjordane er ferdig og. Skal lista vere sterk og klar, må Hoddevik stå på toppen, meiner han.
- Feil bilete av Hoddevik
Også Gloppen Høgre sette som venta Hoddevik på førsteplassen, sjølv om Reidar Moldestad i eit intervju for ein månad sidan sa at det var i mangel av gode alternativ. No er han meir sikker. - Vi meiner han har gjort ein god jobb på Stortinget. Ein del av det biletet som er skapt av Hoddevik i media er ikkje slik som vi kjenner han. Han nyter stor respekt i stortingsgruppa til Høgre, seier Moldestad.
Og det var heller ikkje uventa at Førde Høgre valde Hoddevik som sin toppkandidat. Hornindal Høgre vart det fjerde lokallaget som i går kveld gav sin støtte til Sverre Hoddevik.
Stryn vil ha Råheim
Men Stryn Høgre sende måndag kveld frå seg ei liste utan namnet til Sverre Hoddevik. I Stryn vil dei ha Mathias Råheim på topp. Når 11 av 23 lokallag har sagt sitt, er Råheim på topp hjå fire lokallag. Hoddevik har også fire. Noralv Distad er på topp hjå to lokallag og Edith Aarebrot Madsen hjå eitt lokallag