Hopp til innhold

Fire fengsla etter Økokrim-aksjon

Fire personar er varetektsfengsla etter ein omfattande Økokrim-aksjon i førre veke.

Søndre Buskerud, Follo, Østfold og Sogn og Fjordane politidistrikt, hundetenesta i politiet og Mattilsynet samarbeidde om aksjonen.

Økokrim opplyser på sine nettsider at det var ein samordna aksjon mot personar dei mistenkjer for alvorlege brot på dyrevelferdslova, hundelova og viltlova.

Fleire personar vart pågripne i samband med aksjonen, og av desse vart fire varetektsfengsla i to veker med brev og besøksforbod.

Ifølgje VG er dei varetektsfengsla menn i 30-åra frå Sogn og Fjordane, Østfold og Buskerud. Arvid Vamråk Melling representerer mannen frå Sogn og Fjordane.

Ifølgje avisa skal mennene ha sleppt hundar etter vilt, og latt hundane avlive byttet. Mennene skal også ah avliva dyr med kniv.

– Min klient vedgår straffskuld for eit mindre forhold, men han stiller seg uforståande til det øvrige i siktinga, seier advokaten til avisa.

Økokrim opplyser at dei har teke beslag i fleire hundar, som politiet meiner er avla og trent til bruk i ulovleg jakt.

– Økokrim vil ikkje kommentere saka ytterlegare av omsyn til den pågåande etterforskinga, opplyser dei på nettsidene sine.