NRK Meny
Normal

Fire bilar i kjedekollisjon

Fire bilar var måndag ettermiddag involverte i ein kjedekollisjon i Florø sentrum.

Kjedekollisjon Florø

KRAFTIG SMELL: Det var ein kraftig smell då bilane støtte saman i Florø sentrum.

Foto: Tarjei Langeland

Det var ein person i kvar av bilane.

– Ein bil køyrde i ein annan bil, og to andre bilar vart då også involvert, seier konstituert stabssjef ved Sogn og Fjordane Politidistrikt, Odd Arve Solvåg.

Alle naudetatane rykte ut til ulukka, men det er berre snakk om materiell skade, ingen personskade.

– Politiet er på staden og driv opprydding og pratar med dei involverte, seier Solvåg.

Vegen er open for trafikk.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.