Hopp til innhold

Fire berga ned frå iskaldt fjell i natt

Med temperatur ned mot null, gjekk dei to kvinnene og dei to mennene seg skårfaste på ved ned frå Store Skagastølstind seint laurdag kveld.

Store Skagastølstind

POPULÆR TUR: Turen opp til norges tredje høgste fjell, Store Skagastølstind (2405 moh), inneber både vandring og klatring.

Foto: Jostein Aasen

Politiet fekk melding klokka 22.52 om at dei fire turgåarane ikkje klarte å kome seg ned att frå «Storen» sjølve.

– Luftambulansen blei brukt til å frakte opp to frå den alpine redningsgruppa til Bandet, som ligg litt nedanfor fjelltoppen, opplyser operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Redningsfolka fekk raskt kontakt med turfølgjet og tok dei først ned til turisthytta på Bandet. Deretter gjekk turen vidare ned att mot Turtagrø.

– Vi har ikkje fått tilbakemelding på om dei har kome fram, men dei skal straks vere nede på Turtagrø, seier redningsleiar ved Hovudredningssentralen for Sør-Norge, Ståle Jamtli.

Han fortel at dei fire turgåarane nok hadde feilrekna tida på veg ned att frå «Storen»

– Dei fekk litt problem med å orientere seg om kvar dei skulle gå, men no har dei fått hjelp, seier Jamtli.