Hopp til innhold

Fire av seks ortopedar er pendlarar

Fire av seks fast tilsette ortopedar ved Nordfjord sjukehus er utlendingar som berre periodevis er i Eid.

Nordfjord Sjukehus

Arkivbilete frå Nordfjord sjukehus.

Foto: Ottar Starheim / NRK

- Vi har ikkje noko val, for det er svært vanskeleg å rekruttere utanlandske spesialistar. Men det er ei svært kostbar ordning, vedgår informasjonssjef i Helse Førde, Arne Eithun.

- Ein ekstra kostnad

Det er tidlegare kjent at fødestova i Lærdal har hatt store problem med å få på plass faste legespesialistar. No viser det seg at ortopedisk avdeling i Eid slit med det same. Tre svenskar og ein danske pendlar mellom heimlandet og Nordfjordeid der dei er fast tilsette ved ortopedisk avdeling.

- Men sjølv om dei då er fast tilsette, så har dei med seg ein ekstra kostnad for føretaket ved at vi dekkjer både reise og opphald frå det landet dei kjem ifrå, seier Eithun.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER INNSLAGET)

Video nsps_upload_2009_10_3_15_10_31_3143.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Nordsjøturnus

Av seks ortopedar er berre to busette på Nordfjordeid. Dei to svenske legane går i 25 prosent stilling og er i Eid berre ei veke i månaden. Ein svenske og ein danske går i 50 prosent stilling og er 14 dagar i Eid og 14 dagar i heimlandet.

- Slik er det også ved sentralsjukehuset innan andre fagområde. Eg kan nemne at mange av jordmødrene i Lærdal også går i ein slik nordsjøturnus der dei er fast tilsette, men får dekka deler av reisa og opphaldskostnadane av arbeidsgjevar. Dette utgjer store kostnadar, seier Eithun.

Taper ikkje pengar

Helse Førde går mot eit underskot nærare 100 millionar kroner i år og innlegie av utanlandske legar blir sett som ein av dei store utgiftspostane som leiinga vil gjere noko med. Seksjonsoverlege Kristian Humborstad ved ortopedisk avdeling i Eid, avviser at Helse Førde taper pengar på dei utanlandske ortopedane.

- Eg vil nok på ein litt forsiktig måte sei at det er ei kostbar ordning. For ortopedane arbeider ganske mykje når dei er på plass, og eg vil tru at inntektene iallefall svarar til dei utgiftene som er på lønningssida, seier han.