Hopp til innhold

Fire av fem bryt avfallsreglar

Fylkesmannen avdekka brot på ureiningsregelverket i over 80 prosent av tilsyna ved verksemder i fjor.

Avfall kasta inn over gjerdet utanom opningstid ved Nybø gjenbruksstasjon i Kalvåg

ALVORLEG: - Dette viser at det er viktig å halde fokus på tilsyna, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef, Gøsta Hagenlund, hos Fylkesmannen. Bilete er frå tilsynet ved gjenvinningstasjonen på Nybø i fjor.

Foto: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane/Miljøvernavdelinga

Fylkesmannen gjennomførde 55 tilsyn med ureiningsfare, kjemikaliebruk og avfallshandtering ved verksemder i Sogn og Fjordane. Over 80 prosent av tilsyna avdekka brot på regelverket.

Tala for Sogn og Fjordane er noko høgare enn elles i landet.

- Det var både meir alvorlege og mindre alvorlege funn. Ei verksemd vart meld, og vi bad om etterforsking av to tilfelle med ulovleg brenning av avfall, seier assisterande fylkesmiljøvernsjef, Gøsta Hagenlund.

Fann cyanid

Gøsta Hagenlund

MELDER: Gøsta Hagenlund seier alvorlege brot på ureiningsregelverket blir politimelde, medan det følgjer pålegg ved mindre brot.

Foto: Bengt Flaten

Mange av tilsyna i fjor var knytt til landsomfattande aksjonar retta mot spesielle bransjar. I fjor var det tre slike aksjonar mot avløpsanlegg, skrapmetallplassar og farleg avfall.

Fylkesmannen melde Nomil til politiet etter tilsynet ved gjenbruksstasjonen på Nybø i Bremanger. Mellom anna avdekka tilsynet cyanid på den opne avfallsplassen. Verksemda fekk eit gebyr på 100 000 kroner for lovbrota .

I same kommune avdekka fylkesmannen også ein ukultur der fleire verksemder brende avfall ulovleg.

- Uakseptabelt

Fylkesmannen bad også politiet etterforske ulovleg brenning av avfall i jonsokbål i Vågsøy etter oppslag på NRK.

- Det som vi er mest overraska over, og skuffa over, er dei kommunale mottaka som vi hadde gjentekne gjensyn på. Vi besøkte 21 mottaksanlegg, dels som oppfølgjing av kontrollaksjonen i 2006. Likevel fann vi mange av dei same feila. Det er uakseptabelt, seier Hagenlund.

Høge tal

Ei av forklaringane til at tal regelbrot er noko høgare i Sogn og Fjordane enn elles i landet, er truleg at Fylkesmannen besøkte mange mottaksstasjonar med same type avvik under farleg avfallsaksjonen.

- Tal funn er etter Fylkesmannen sitt syn for høgt, og det er viktig å halde fram med kontrollar for å betre tilstandane, seier Hagenlund.

Fylkesmannen har allereie gjennomførd tilsyn retta mot næringsmiddelindustrien. Det blir også aksjonar mot oppdrettsanlegg, biloppsamlingsplassar, notvaskeri og bilverkstader.

Melder fylkesmannen sine nettsider.