Hopp til innhold

På ein time fekk han alt av vêr festa til filmen

På søndagsturen over favoritt-bukta si i Vetvika, fanga Svenn Petter Kjerpeset kor raskt vêret endrar seg.

Den erfarne fjellmannen fekk oppleve kor raskt vêret endrar seg på fjellturen. På ein time fekk han alle årstidene.

VOTTAR OG SHORTS: Kjerpeset går ofte i fjellet, men får sjeldan oppleve så mykje ulikt vêr på så kort tid. FOTO/REDIGERING: Svenn Petter Kjerpeset

– Det var nesten alle årstider på ein gong. Eg mangla berre snøen, humrar Svenn Petter Kjerpeset frå Bremanger medan han er i ferd med å pese seg opp på ein ny fjelltopp.

Kjerpeset er erfaren fjellmann og turleiar i DNT. Difor går han så ofte han kan i fjellet, og likar å feste inntrykk til både kamera og video.

Vetvika i all slags vêr

Søndag gjekk han tur over fjellet i Vetvika som er ei av dei flottaste badestrendene i fylket. Då fekk han oppleve kor raskt vêret endrar seg.

– Det var eigentleg fint vêr. Men til slutt måtte eg ha på meg vottar for det var så kaldt.

Sjølv er han oppteken av opplevingane av naturen og likar å få dokumentert inntrykka.

– Denne filmen er eigentleg eit prøveprosjekt for det er ikkje lenge sidan eg fekk Go-pro kamera. Men det var artig å sjå kor levande filmen vart når skyene bevegar seg så fort.

Som regel utan stativ

Han har fleire videoar som viser naturens krefter og råskap. Men ikkje alt har alltid gått heilt etter planen.

– Den fyrste gongen eg hadde laga meg klar til å filme solnedgangen over Gjegnabu gjekk kamera tomt for batteri lenge før sola var gått ned. Men eg fekk det til ved neste høve.

Men så veldig jålete utstyr han brukar for å få dei gode bileta. Han stablar som regel opp kamera på ein stein og lar det stå til han er ferdig å filme.

– Det er så enkelt å berre sette det på ein stein. Men eg har med meg stativ i dag, så vi får sjå, humrar Kjerpeset.