NRK Meny
Normal

Fire år sidan brakvalet

EID (NRK): Tre år og ni månader er gått sidan Venstre sitt brakval i Eid kommune. Sidan valvaka har ordførar Alfred Bjørlo vore høgt og lågt. I «alle» kanalar. Er det nok til å halde på makta?

Alfred Bjørlo

GJORDE BRAKVAL: Fire år er gått sidan brakvalet i 2011, no vil ikkje ordførar Alfred Bjørlo oppgje noko mål for oppslutnaden i årets val.

Foto: Silje Guddal / NRK

Nordfjord Hotell måndag 12. september 2011. Resultata i kommunevalet har begynt å tikke inn. Dei neste timane er salen inst i hotellet prega av jublande og mållause Venstre-politikarar. Snart er ei knallgrøn kake på bordet.

Partiet har firedobla oppslutnaden sin, og får til slutt 44 prosent av røystene i Eid kommune. Eit stykke nord om hotellet ligg Nordfjord sjukehus. Eit mykje omtalt sjukehus i den då tilbakelagde valkampen.

Arbeidarpartiet innser at dei har gjort sitt dårlegaste val nokon sinne i kommunen, med 8,5 prosent oppslutnad.

Aktiv og synleg

– Ordføraren vår har vore veldig frampå, også på landsplan, seier ein innbyggar til NRK i sentrum av Eid.

I lokala til lokalavisa Fjordabladet får også ordføraren ros.

– Ein kan seie at Alfred Bjørlo har vore ein god ordførar for Eid. Han har vore veldig synleg og han har jobba hardt, seier redaktør Tormod Flatebø.

Ein skal ha halde seg langt vekke frå mange kanalar om ein har unngått å høyre frå og om ordførar Alfred Bjørlo.

Eit søk på Eid og Alfred Bjørlo gjev 11.800 treff på Google. Eit tilsvarande søk på ordførarane i Vågsøy og Stryn gjev dryge 7000, til saman. Også opposisjonen har merka seg Bjørlo sin aktive stil.

Siri Sandvik

ETTERLYSER HANDLING: Arbeidarpartiet sin ordførarkandidat Siri Sandvik meiner Venstre er god på å prate, og mindre gode på handling.

Foto: Silje Guddal / nrk

– Bjørlo er med og styrer kva vi skal debattere, og det tenkjer eg er bra, det set Eid på kartet også utanfor kommunegrensene. Det tenkjer eg er positivt, seier ordførarkandidat Siri Sandvik frå Arbeidarpartiet.

Det grøne engasjementet har stått sentralt.

Politisk rekneskap

Bjørlo og Venstre sitt grøne engasjement viser att. Eid kommune er blitt utnemnd som klimaspydspisskommune av miljøorganisasjonen Zero, og kommunen har starta eit energikompetansesenter. Bjørlo fekk Kommunal landspensjonkasse, KLP, til å selje kolaksjane sine til ein halv milliard kroner.

Alfred Bjørlo

GJORDE BRAKVAL: Fire år er gått sidan brakvalet i 2011, no vil ikkje ordførar Alfred Bjørlo oppgje noko mål for oppslutnaden i årets val.

Foto: Silje Guddal / NRK

Det grøne engasjementet har også resultert i store oppslag som i den danske riksavisa Dagbladet Information.

Men mykje merksemd og grønt fokus, har det resultert i noko konkret for innbyggjarane? Når NRK møter Bjørlo på ordførarkontoret viser han fram sitt eige politiske rekneskap.

– Det er eit forsøk på å gjere noko eg meiner ein gjer altfor lite av i lokalpolitikken, nemleg at ein set seg ned og faktisk ser på kva ein har gått til val på, og vert målt på etter fire år, seier Bjørlo.

Eigedomsskatt og nybygg

– No er det full fart med etterlengta nye, store næringsetableringar, vi kjem i gang med lenge etterlengta utbygging av omsorgssenteret og ny fleirbrukshall på skulen. Vi har fått ein skikkeleg offensiv satsing på Eid som energi- og miljøkommune, ramsar ordføraren opp.

Venstre gjekk til val på å ikkje innføre eigedomsskatt, men de gjorde de. Kvifor det?

– Vi har i likskap med veldig mange andre kommunar i fylket rett og slett møtt veggen i løpet av denne perioden. Vi har sett at det er ingen annan veg utanom, seier ordføraren.

– Men kan ein berre love, og så når ein møter veggen bryte desse lovnadane?

– Det som har skjedd i Eid i dei to førre periodane er at Arbeidarpartiet og Senterpartiet har gått til val på å gå i gang med bygging av nye omsorgssenter, nye hallar og det har dei ikkje levert på. Det har vi no levert på, og prisen for det er at vi har innført eigedomsskatt på bustad. Det står vi til rette for no ved valet, seier Bjørlo.

Store vyar

Det fremste symbolet på Eid, fjordhesten, nyt gløtt av sol framfor kontorvindauget til ordførarkandidaten til Arbeidarpartiet. Siri Sandvik opplevde at partiet hennar vart fillerista ved førre kommuneval. Så korleis har fire år med Venstre vore?

– Eg synest at Venstre er flinke til å snakke, det er mykje vyar og store ord. Og det er for så vidt bra, men eg saknar litt gjennomføringskrafta, seier Sandvik.

Dei same sjukeheimsplanane som Bjørlo definerer som gjennomførte, med hjelp av eigedomsskatt, meiner Sandvik ikkje held mål.

– Ved førre val var det eigentleg klart til å begynne å bygge, men så har alt stoppa opp og ein har begynt på nytt. Framleis er verken finansiering i orden eller spadetak i jorda, seier Sandvik.

– Det er eitt døme der Venstre seier at dei får fortgang i ting, men så skjer det ingenting, seier Sandvik.

Kva veljarane huskar

Bjørlo sin eigen politiske rekneskap er grøn, den går i pluss. Redaktøren i lokalavisa skryt av ordføraren, men synest han rekneskapen går i pluss?

– Kva er det Bjørlo eller Venstre etterlet seg etter fire år? Det kan vere så ymse, seier Tormod Flatebø.

Tormod Flatebø

SPENT REDAKTØR: Tormod Flatebø i Fjordabladet er usikker på kva saker veljarane vil huske frå Venstre sine fire år med makta.

Arbeidsløysa i kommunen ligg på 1,2 prosent. Folketalet har auka med nær 100 personar sidan botnnivået i 2013, men redaktøren er usikker på om veljarane vil løne Venstre for sitt grøne engasjement.

– Veljarane i Kjølsdalen vil hugse nedlegginga av skulen, dei fleste vil hugse innføringa av eigedomsskatt. Ein ekstra skatt i kommunen for å få dette til å gå i hop, seier Flatebø.

– Dersom ein spør folk i gata, så er eg ikkje veldig sikker på om dei vil kome på veldig mange ting som ein har fått til. Det skal leggast til at det er ei veldig god utvikling i Eid, seier redaktøren.

Tru på framtida

Bjørlo seier han ikkje kjenner seg att i Siri Sandvik sine påstandar om mykje prat og lite handling.

– Slett ikkje. Vi har sett i gang bygging av eit nytt bustadfelt med 130 tomter, og vi har sett i gang opparbeiding av 50 mål næringsareal. Vi har fått i gang den største private næringsetableringa i Eid nokon sinne med nye Moengården, seier Bjørlo.

– Sånn i det daglege trur eg folk ser meir at her er barnehageplassar, skuleplassar, tomter. Det grøne er meir satsingar og investeringar som skal ta oss inn i framtida, seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser