Natt til 11. september 2012 vart ei natt Kristoffer Espelund frå Nordfjordeid, og kollega Kåre Olav Farstad, aldri kjem til å gløyme. I ei lita korg sat dei fast heile natta, 100 meter over Nordfjorden, på kraftlinja mellom Stavenes og Agjeld i Stryn.
Redningshelikopteret kunne ikkje hjelpe, og neste morgon måtte karane fire seg ned sjølv.
– Eg hugsar det godt. Det blei såpass mange timar, at det gløymer eg ikkje, seier Espelund, som i grunn ikkje ser på hendinga som anna enn ei morosam oppleving.
Gjer jobben frå helikopter
Oppdraget var å bytte ut og fjerne gamle markørar på linja, men som eit lite minne om ei kald, våt og luftig natt, stod ein av dei gamle markørane att. Fredag vart den fjerna, men ikkje på same måte som i 2012.
– Tidlegare var dette arbeid som måtte gjerast ved hjelp av folk som tok seg ut på linja, eller så måtte vi seinke spennet til fjorden. Men det er veldig krevjande, både i høve til tid og utstyr. No er det leverandørar på marknaden som gjer slikt arbeid frå helikopter, og dei er spesialiserte på den type prosjekt, fortel kommunikasjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi (SFE), Kai Petter Sårheim.
Heller ikkje han har problem med å hugse hendinga for fire år sidan.
– Det var spesiell oppleving, som vi heldigvis ikkje har hatt i etterkant, og heller ikkje hadde opplevd før. Så det sit godt i minnet, det, men dei er veldig stødige karar, og tok ikkje skrekken av dette.
Var aldri redd
Dei to montørane som måtte overnatte over fjorden, jobbar begge for SFE. Den gong var Kristoffer Espelund lærling. No har han fagbrev, og spesialiserer seg mellom anna, på nettopp slike oppdrag.
– Eg har alltid likt høgder, og eg kunne ikkje tenke meg å arbeide med noko anna, fortel han.
Rutinane for slike oppdrag har blitt endra sidan 2012. No må montørane ha med seg utstyr til å kunne evakuere sjølv, men Espelund uroar seg ikkje.
– Nei, det kan ein ikkje tenke på. Det var kaldt og vått den natta, men vi sat på ein grei plass. Eg var aldri redd.
Overnattinga 100 meter over fjorden har altså ikkje skremt han, og på sett og vis er han framleis kjend som «han som hang over fjorden».
– Eg pleier aldri seie det sjølv, men når vi møter folk, så seier gjerne kompisane mine at dette var no han som sat i korga over fjorden i Stryn, seier han, og ler.