Hopp til innhold

Fire ambassadørar på UWC

United World College Nordisk på Hauglandssenteret i Fjaler har denne veka besøk av ambassadørane frå Danmark, Sverige, Finland og Island.

Ambassadørbesøk på UWC

FINT BESØK: Ambassadørane Torben Brylle (Danmark), Axel Wernhoff (Sverige), Hermann Örn Ingólfsson (Island), Erik Lundberg (Finland), saman med elevar og representantar frå styret til UWC Røde Kors Nordisk

Foto: Edmund Cluett

Dagen i går, 21. september, er fredsdag, «Peace one Day» verda over, og skulen har særleg fokus på å tene freden gjennom utdanning, seier utviklingsdirektøren på UWC i Fjaler, Arne Osland.

– Eg er sikker at ambassadørane reiser frå UWC med fornya tru på at talsmannsarbeidet desse ungdommane vil gjere for Norden vil kunne utgjere ein forskjell. Og vi veit at dei ser verdet av å sende elevar frå heile verda til den vesle fjorden vår i Fjaler.

Arne Osland, utviklingsdirektør ved UWC

– VIKTIG BIDRAG: Utviklingsdirektør Arne Osland.

Foto: Stein Aase / NRK

Møtte krigsråka ungdom

Dei fire ambassadørane Torben Brylle (Danmark), Axel Wernhoff (Sverige), Hermann Örn Ingólfsson (Island), Erik Lundberg (Finland), har mellom anna fått treffe elevar som er rekrutterte til skulen frå Røde Kors sitt program for krigsråka ungdom - «Survivors of Conflict».

– Å høyre om erfaringane deira og korleis dei utviklar seg her på Haugland er noko som gjev håp. Å gje utdanning til ungdommen er ein nødvendig langsiktig oppgåve for å skape stabilitet, seier Osland.

Han seier at dei nordiske landa gjer eit stort bidrag for at barn og ungdom i land som er råka av krig skal få seg skulegang.

Torsdag får dei fire ambassadørane seg ein tur på fjorden.