NRK Meny
Normal

Firdaposten: Bremanger-legane stiller ultimatum i kommunereforma

Legane i Bremanger truar med å motarbeida kommunen sitt ønske om å tilsette ein femte lege i kommunen, om ikkje kommunestyret er meir tydeleg i kampen mot å bli med i Kinn kommune.

Audun Åge Røys

Ordførar i Bremanger, Audun Åge Røys (H) meiner legane går langt over strekken og kallar det «eit utidig politisk press frå legane».

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi legane krev at kommunestyret samrøystes seier nei til kommunesamanslåing. Viss ikkje let vi vere å jobbe for å skaffe den femte legen i kommunen, seier for almennlegeutvalet i Bremanger, Kan Shanker til Firdaposten.

Han er kritisk til Åge Senneset i Venstre sitt utspel om å forhandle med Kinn og avviser påstandane frå Flora-ordførar Ola Teigen om at Bremanger ikkje har hatt søkarar til legestillinga som har vore utlyst. Teigen viser til sak i VG om at det ikkje har vore søkarar, men det er direkte feil, kunngjer Shanker.

– Vi har i dag tre søkarar, som alle er andregenerasjons tamilske legevenner med norsk autorisasjon. Men vi har ikkje kunna tilrå dei å satse på legejobb i Bremanger på grunn av at kommunen ved tvang kan bli slått saman med Kinn kommune, understrekar Shanker til avisa.

Kommunen har heile tida vore klar på at dei ikkje ønsker å vera med på samanslåing, men no har Venstre tatt til ordet for at gå nye rundar.

– Trugsmål likar vi ikkje

Ordførar Audun Åge Røys meiner at legane i Bremanger går for langt når dei prøvar å styre eit vedtak i kommunestyret.

– Legane kan godt seie si meining, men å legge press på kommunestyret på denne måten er langt over grensa. Vi skal snakka med dei, for legane må ikkje blanda seg inn og driva utpressing mot kommunestyret. Trugsmål likar vi ikkje, seier Røys til NRK.

– Legane bør halde seg til å gjere den jobben dei er betalt for å gjere. Dette er eit utidig politisk press frå legane, seier han til Firdaposten.

Saka handlar i stor grad om at legane ønsker å sikre sitt eige økonomiske fundament, skriv Firdaposten. For dersom Bremanger vert med i Kinn kommune kan legane miste 30 prosent av driftstilskotet sitt.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast