Hopp til innhold

Firda: Sju av ti veljarar ville røysta raudgrønt

Regjeringspartia og støttepartia går tilbake medan Ap og Sp begge går kraftig fram i Sogn og Fjordane.

Ingrid Heggø og Hilmar Høl

JUBELTAL: Om prognosane slår til, så kan Ingrid Heggø (t.v.) få med seg Hilmar Høl inn på Stortinget frå Arbeidarpartiet frå hausten av.

Foto: Christian Blom

Åtte månader før valet får Arbeidarpartiet ein oppslutnad på heile 34,8 prosent, Senterpartiet til 27,2. Det syner eit partibarometer som InFact Norge AS har laga for Firda.

Begge har no ein oppslutnad som ligg mellom seks og sju prosentpoeng over valresultatet i 2013.

Tek ein også med SV, som vet målt til 3,9 prosent, fortel tala frå InFact at dei raudgrøne partia ville fått 65,9 prosent av røystene i Sogn og Fjordane.

Ynskjer regjeringsskifte

Målinga som Firda har fått utført syner at folk ynskjer regjeringsskifte. Sju av til veljarar vil røyste raudgrønt.

Høgre og Frp og støttepartia har ikkje greidd å overtyde veljarane gjennom resultata av politikken sin etter tre år, og at veljarar vender dei no ryggen.

Regjeringspartiet Høgre blir målt til 12,5 prosent oppslutnad. Det er ein tilbakegang på 6,5 prosentpoeng i perioden då partiet har hatt regjeringsmakt. Frp er no nede på 7,3 prosent oppslutnad blant veljarane i fylket.

Også støttepartia KrF og Venstre går begge tilbake. 5,4 prosent seier dei ville røysta KrF, medan 4,7 ville røysta på Venstre.