Hopp til innhold

Firda: Rådet er «sel Fjord1 til Torghatten»

Etter det Firda erfarer rår konsulentane som fylkeskommunen har leigd inn om at Fjord1 blir seld til Torghatten. Gisle Solvoll, førsteamanuensis i transportøkonomi, trur også Torghatten er den mest sannsynlege kjøparen.

MF Selje på veg over Sognefjorden

Fjord1 kan bli selt til storkonsernet Torghatten som har ei omsetning på over åtte milliardar kroner. På biletet er MF Selje på veg over Sognefjorden

Foto: Rune Fossum / NRK

I morgon kjem tilrådinga frå fylkesrådmannen om fylkeskommunen bør selje seg ut av Fjord1 eller ikkje.

Firda skriv i ettermiddag at avisa kjenner til at konsulentane i advokatfirmaet Wiersholm, som presenterte sitt råd til fylkesutvalet i eit lukka møte 4. november, kjem med eit klart og eintydig råd til fylkespolitikarane: Sel til Torghatten.

I følgje avisa er det i første omgang snakk om å selje 51 prosent av aksjane, før ein opsjonsavtale gjer at Torghatten kan kjøpe resten av aksjeposten etter fire år.

Også førsteamanuensis i transportøkonomi og ekspert på ferjedrift, Gisle Solvoll, trur Torghatten er den mest sannsynlege kjøparen dersom politikarane går for eit sal.

– Torghatten er ein stor nasjonal aktør med kapital og som er veldig interessert i å få eit fotfeste på Vestlandet. Selskapet med hovudkontor i Brønnøysund er truleg den mest aktuelle kjøparen, seier Solvoll til NRK.

Gisle Solvoll

FERJE-EKSPERT: Gisle Solvoll meiner det er vanskeleg å seie om det no er rette tidspunktet for å selje fylkeskommunen sin eigarpost i Fjord1.

Foto: Ola Helness / NRK

Blir snart avgjort

Verdiane i Fjord1 har truleg gått kraftig opp den siste tida, etter at selskapet nyleg la fram prognosar som tyder på store overskot dei komande åra. Dette er godt nytt for økonomisk hardt prøva Sogn og Fjordane fylkeskommune som eig 59 prosent av aksjane i ferjeselskapet. Fjord1 har 1300 tilsette og omsette i fjor for 2,3 milliardar kroner. Hovudkontoret ligg i Florø.

I følgje Firda sine opplysningar skal eigarposten på 49 prosent dei neste fire åra sikre at fylkeskommunen får maksimalt utbyte av selskapet, og avisa skriv også at dei har opplysningar om at Torghatten har gitt lovnader om at hovudkontoret skal bli liggjande i Florø.

Torghatten ASA med hovudkontor i Brønnøysund er eit av dei største transportkonserna i landet med ei årleg omsetning på ca. 8,2 milliardar kroner og om lag 4500 tilsette. Hovudverksemda er innanfor transport på sjø, på land og i lufta.

Usikker på kva raudgrønt fleirtal vil bestemme

Det er knytt stor spaning til fylkesrådmannen si tilråding som blir lagt fram i morgon. Vil han seie ja eller nei til sal av eigarposten i Fjord1. Fylkestinget skal avgjere saka seinare i månaden. Solvoll meiner det er vanskeleg å seie om no er rette tidspunktet for sal.

– Ein kan kanskje realisere ein gevinst no på eit gitt beløp, men ein veit ikkje om det vil vere meir lønsamt å sitje lenger på eigarposten. Men før eller sidan må fylkeskommunen ta ei avgjerd, seier Solvoll.

Solvoll meiner sjølv at fylkeskommunen bør selje seg ut av Fjord1, men er usikker på om det vil skje, sidan Senterpartiet og Arbeidarpartiet har reint fleirtal i fylkestinget.

– Dei to partia har vanlegvis meir sans for offentleg eigarskap enn dei blå partia. Det blir spanande kva som skjer, seier han.

Brynjar Forbergskog, administrerande direktør i Torghatten, ønskjer ikkje å kommentere saka.