Hopp til innhold

Firda: Fann øks og stikkvåpen etter slåstkamp

Politiet fann øks, andre stikkvåpen og ein skadd mann då dei rykte ut til ei hytte etter at ein mann kom til legevakta med kuttskadar.

Det var natt til i dag at ein mann med kuttskadar på kroppen kom inn på legevakta i Førde. Det var Firda som først omtalte saka. Skadane stamma frå ein slåstkamp på ei hytte i Sunnfjord.

– Kl. 02.30 natt til i dag fekk vil melding om ein mann som var lettare skadd etter ei valdshending. Vi fekk kjennskap til at det kunne vere ein person til som låg skadd på ei hytte, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Politiet rykka ut til hytta og fann ein mann med liknande kuttskadar som den andre involverte.

– Politiet blei møtt av blodsøl. Hytta bar preg av slåstkamp, seier Rebnord.

På hytta fann politiet fleire ulike stikkvåpen som dei mistenkjer er brukt i slåstkampen.

– Det blei funne gjenstandar som kan bli brukt til å skade nokon. Blant anna to økser, seier Rebnord.

Den skadde mannen blei sendt til Førde sentralsjukehus med ambulanse.

Dei involverte mennene er i 40- og 50-åra. Desse vil bli avhøyrt i løpet av ettermiddagen.