Hopp til innhold

Firda: Auka skatt i Naustdal

Innbyggjarane i Naustdal kommune kan vente seg ein auke i eigedomsskatten. Avisa Firda skriv at det er eit av tiltaka som blir vurderte for å få kontroll over økonomien. Rådmann Øyvind Bang-Olsen seier at dagens eigedomsskatt vart fastsett for ti år sidan, og at verdiane på eigedomane har dobla seg sidan den gong.