På laurdag kom Firda med ny helgeavis. Men til mange si overrasking var stoffet for dei minste på bokmål. Nynorskavisa over alle nynorskaviser serverer vitsar, historier og anna småstoff - alt saman på bokmål. Til og med kryssordet må dei minste avislesarane løyse på bokmål.
Firda si barneside på bokmål
- Ikkje mogleg å omsetje
På leiarplass i laurdagsavisa prøver redaktør Jan Atle Stang å kome kritiske røyster i forkjøpet. Der skriv han at det ikkje har vore mogleg for avisa å omsetje dei små tekstane til nynorsk.
Firda-leiar om fornying
Planar om nynorsk barneside
Stang seier at fleire aviser no jobbar for å få ei eiga barneside på nynorsk, men han kan ikkje love kor tid dette vil skje.
Tidlegare ufråvikeleg krav
Firda har tidlegare hatt som eit ufråvikeleg krav at alt redaksjonelt stoff skal vere på nynorsk.
- Firda av alle aviser...
Maria Brosvik, som går i 9. klasse på Eivindvik skule i Gulen, meiner det er spesielt ille at dei yngste lesarane i Firda får servert stoffet på bokmål. - Vi unge får så mykje bokmål frå før gjennom TV og vekeblad, når så Firda av alle aviser kjem med barneside på bokmål, er det for dårleg, seier ho.
- Ikkje pinleg
Redaktør Jan Atle Stang i Firda vedgår at dette ikkje er godt nok, men han vil ikkje vere med på at der er pinleg for avisa som kallar seg verdas største nynorskavis.