NRK Meny
Normal

Firda blir styrt av vikarar – og frå Svalbard

FØRDE (NRK): Redaksjonen i den største avisa i fylket har reist til Berlin for å feire seg sjølv. I mellomtida skal det lagast fleire aviser, og det arbeidet blir styrt frå Svalbard.

Svein Rune Kjøllesdal

PÅ SVALBARD: Svein Rune Kjøllesdal jobbar no i Svalbardposten, men trør til for Firda denne helga.

Foto: Kent Roar Nybø

– Eg er vel mest som vaktmeister å rekne, og skal ha ein finger med i spelet på alt. Meir presist så er eg frontsjef/vikarierande nyheitsredaktør, så eg skal prøve å styre det vi jobbar med og sjå gjennom ting før det blir publisert, seier Svein Rune Kjøllesdal.

Han har jobba som journalist i Firda i fleire år, men no har han permisjon for å jobbe i Svalbardposten. Når det meste av den faste staben i Firda no er på tur, måtte han likevel trå til. Kjøllesdal seier han er godt i gang og har allereie vore med å lage to aviser sidan han tok over roret torsdag.

Men sjølv om han har kontrollen, blei det ganske hektisk før deadline fredag.

– Brannalarmen gjekk i blokka eg bur i, og vi måtte evakuere. Men kokken i ei av naboleilegheitene fekk brannvesenet til å sjekke maten, og dramatiske blei avblesen.

– Blei vikarane i Førde nervøse då?

– Eg har gløymt å seie det til dei, ler han.

Ung redaksjon i Firda

PRAKTIKANTAR OG VIKARAR: Her er redaksjonen i Firda medan resten er på tur til Berlin

Foto: Turid Astrid Reksten / NRK

Vikarar og praktikantar lagar avisene

Redaksjonen skal feire at avisa Firda er 100 år, og det er difor dei har reist til Berlin. Som journalistar gjennom dei dagane får Kjøllesdal hjelp av dei som til vanleg er vikarar og praktikantar i avisa.

– Vi har vore klar over dette veldig lenge, så vi har hatt god tid til å førebu oss. Også har dei andre vore flinke og laga fleire saker som ligg klare, seier Rita Iren Hestad, som er ein av vikarane i Firda.

Og vikarredaktør Kjøllesdal har også trua.

– Dei har fått fleire månadar med god opplæring, og dei har synt bra utvikling. Så får dei eit høve no til å vise kva dei har lært, og ta litt ansvar. Det veks ein på.

– Kva er ditt beste råd til dei?

– Det er at vi må jobbe saman og hjelpe kvarandre. Sjå over det kollegaen din skriv, og få nokon andre til å gjere det same med det du lagar. Det blir best då, også er det eit godt høve til å vise at ein vil noko med dette faget, så ta sjansen.

Kjøllesdal skulle sjølv gjerne vore med på Firda-tur til Berlin, men seier at det ikkje passa så bra med ny jobb på Svalbard.

– Det hadde vore veldig moro med ein tur til Berlin med gode kollegaer og vener, men samtidig er det ganske eksotisk her eg er akkurat no. Ein kan ikkje få både i pose og sekk.