Firda Billag satsar på luksus og komfort i bussane for å trekkje til seg fleire passasjerar. Lengre bussar, meir komfortable seter, separate stereoanlegg knytt til kvart sete, og aircondition, skal no lokke reisande til å framleis bruke bussen:
- Vi konkurrerer med privatbilismen og fly, og vil gjerne kapre nye kunde, men også ta vare på dei passasjerane vi alt har, seier trafikksjef i Firda Billag, Øystein Hunvik.
Åtte millionar
Men dette kostar. Dei tre bussane har ein prislapp på til saman 8 millionar kroner. Men Firda Billag, Nordfjord og Sunnmøre Billag og HSD Buss meiner tydelegvis at dette er ei naudsynt investering for å halde på kundar som vert meir og meir kravstore.
- Alle har vi blitt litt meir kresne, og vil ha god komfort når vi reiser. Det har endra seg drastisk siste åra. Vi må vere på høgde med den utviklinga, seier Hunvik.
Trygg satsing
Og Hunvik meiner fryktar ikkje at investeringane deira i høgstandarbussar ikkje vil lønne seg. Han meiner ein trygt kan våge å satse på langtransport med buss trass i aukande konkurranse.