NRK Meny
Normal

No er det slutt på finvêret og varmen

Det fine vêret som har vore i fylket i helga gir seg. Måndag er det tilbake til paraply.

Studetårn Kaupanger Sol

KALDARE: Det blir nok ikkje like innbydande å ta ein dukkert i veka som kjem.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Dei siste dagane har vore det som blir karakterisert som ekte sommar, men høge temperaturar og sol frå nesten skyfri himmel. Men frå i morgon er det slutt.

Del dine sommarbilete med oss!

– Det blir ganske grått frå i morgon. Då kjem det ein kaldfront inn. Med regn som aukar på utover ettermiddagen. Det vil blåse ein sørleg bris. På kysten blir det sørleg frisk bris, seier statsmeteorolog Nina Larsgård Meteorologisk institutt i Oslo.

Gir ustabilt vêr i heile landet

Vêret som er venta inn over Vestlandet i løpet av natta vil gi ustabilt vêr framover.

– Tysdag fortset det som regnbyer og generelt ein del regn. Dessverre ser det ikkje ut som det blir noko betring på onsdag heller, seier Larsgård.

Når det gjeld temperaturane så har søndag vore ein varm og fin dag. Måndag startar bra, men allereie tysdag vil gradestokken vere prega av at ein kaldare front innover landsdelen.

Lågare temperaturar

– For eksempel ser det ut som maksimumstemperaturen måndag vil ligge på 19 grader, men allereie tysdag er maksimumstemperaturen 16. Så det vil vere merkbart.

Fronten som kjem innover vil trekke nordover mot Møre og Romsdal og mot Trøndelag, og gje ustabilt vêr.

– Eg skulle gjerne hatt betre vêr å melde, men det har eg ikkje, seier meteorologen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser