Hopp til innhold

Dårleg fiskelukke i stråande sol og varme

Det var rett og slett for fint vêr for fiskarane under Aurefiskefestivalen på Jølster. For jølstraauren bit ikkje når sola skin og temperaturen er over 20 grader.

– Det er sjeldan eg reiser herifrå utan å ha fått fisk. Men det er litt for fint vêr. Vi skulle gjerne hatt litt byer, og ikkje så skyfri himmel, ler Frode Gjerde frå Førde.

Han var ein av dei 708 personane var samla til dyst på Jølster for å knivast om kven som klart å fiske mest, i vekt, jølstraaure.

Den varme junisola og ein himmel så blå auge kunne sjå, gav ikkje fiskelukke under Aurefiskefestivalen i Jølster i helga. For arrangøren var vêret topp, men for fiskarane var vêret ei kjelde til frustrasjon.

– Eg har ikkje hatt eit einast napp, var gjengangaren langs vatnet blant fiskarane.

Solid premie

Premien var vel verd å kjempe for - ein splitter ny Volvo XC70, verd 621.000 kroner.

Rundt 100 kontrollørar langs vatnet kontrollerte at fangsten verkeleg vart fiska, og fleire var organiserte i kontrollapparatet som tok imot fangsten, vog og sløya fisken for å unngå juks.

Men den største utfordringa var likevel å få napp. Frode Gjerde frå Førde hadde fått aure som til saman vog rundt kiloen.

– Eg satsar på eit par til så eg endar rundt halvanna kilo. Ein må jo vere positiv å tru det beste. Eg tvilar på det held til bilen, men kven veit, humra Gjerde.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frode Gjerde med fanst Jølster Aurefest

VON I HANGANDE SNØRE: Sjølv om han var ein av få som fekk aure i sitt område, var Frode Gjerde ikkje heilt nøgd med fangsten på tre aurar.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

Håpte på siger, men bilen passa ikkje

– Det er eit sete for lite i bilen, uansett.

Alexander og Sølve Nedrebø hadde heller ikkje sett mykje fisk. Uansett var dei på Jølster også for å få med seg folkelivet og ikkje for å fiske sjølve.

– Eg håpar eigentleg pappa vinn bilen. Han står å fiskar med onkel, seier Alexander Nedrebø.

Men den eldre broren meiner det familien vil ha eit problem med bilen.

– Det som er dumt er at det er eit sete for lite, så den passar eigentleg ikkje, seier broren Sølve Nedrebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nedrebø Jølster Aurefest

KOS: Ikkje naudsynt med fisking når ein kan nyte slikt vêr og følgje med på pappa fiske, slik Alexander Nedrebø og Sølve Nedrebø gjorde saman med søskenbarnet sitt.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Ein fantastisk dag

Mellom hektiske stunder, tek prosjektleiar Tom Farsund seg tid til å reflektere over ein flott dag.

– Det er heilt fantastisk her oppe no. Folk kosar seg verkeleg.

Sjølv om fiskarane hadde ønskt seg «betre» vêr, kunne altså ikkje familiane bede om noko annleis.

– Eg ser ned på det nye bryggjeanlegget no. Borna hoppar på sjøen og kosar seg. Dette er heilt topp, seier Farsund.

(Saka held fram under biletet)

Torgeir Pettersen vann Aurefiskefestivalen

VINNAREN: Torgeir Pettersen frå Øvre Årdal vann fiskekonkurransen etter å ha dratt i land 2,17 kg jølstraaure. Han lova vekk bilen til kona.

Foto: Findriv

Vinnaren vart kåra under arrangement på Skei seint laurdag kveld. Torgeir Pettersen hadde fiska totalt 2,17 kg aure. Av dei 708 påmelde fekk 117 fangst - til saman 47 kg.

Har du bilete du vil dele frå dagen, send dei gjerne til oss. Du kan tagge bilete på Instagram med #nrksf eller sende inn på epost sf@nrk.no.