NRK Meny
Normal

Finnabotn til sals på ny

For knappe tre år sidan fekk idylliske Finnabotn nye eigarar, men no ligg eigedomane på ny for sal.

Finnabotn

IDYLL: Freistar det med nærast din eigen fjord? Då kan husa og bygga i Finnafjorden kanskje vere noko for deg.

Foto: Trude Janet Maarud / NRK

– Primært har eg lyst å utvikle eigedomen, for det er ein unik eigedom. Den har eit stort potensial og er nøkkelferdig og klar til å takast i bruk, seier Roald Øvreås.

Roald Øvreås

DRAUM: Roald Øvreås seier dei tidlegare har blitt kontakta av folk som har vist interesse for eigedomen, men at det berre har vore ei seriøs førespurnad. – Då ville det blitt gjort om til eit meir privat og eksklusivt luksusopplegg, trur han.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Han er ein av eigarane til eit gjestgivargard i Finnabotn. Den veglause garden inst i ein trong, trong fjord i Vik i Sogn. Men, han er redd helsa ikkje held til å realisere planane, og år heller ikkje medeigar Kåre Egil Skjerven er kan gje hundre prosent i prosjektet lenger, så er dei på jakt etter nye eigarar.

– Eg har mange ballar i lufta, og no måtte eg bestemme meg for noko. Eg kunne valt å satse 100 prosent på Finnabotn, men ungane seier eg må vere meir tilgjengeleg, seier Skjerven.

Fleire har vore interesserte

Dermed kan eigedomen på ny skifte eigarar om kort tid. Gjestgivargarden med tilhøyrande jaktløyve, båtplassar og anna ligg ute med ei prisantyding på sju millionar kroner. Også ein fritidsbustad, løe og eit naust ligg til sals for 6,5 millionar kroner.

Finnabotn

27. MAI: Folk som er interesserte kan ta turen i slutten av mai. Dei eldste husa i området er bygde på tidleg 1900-tal-

Foto: Aktiv Eiendomsmegling

Området ligg i unik natur, med fjell som stuper ned i fjorden. Langs sjøvegen passerer ein også vogga til Synnøve Finden, ein av dei største osteprodusentane i landet. Turlaga i Sogn og Fjordane og Hordaland har tidlegare synt interesse for perla.

– Det er mykje pengar, men det er ein vakker plass, og vi vurderer alltid når det byr seg høve til å byggje ut vårt tilbod i fjellet og langs fjorden, sa leiar i Bergen Turlag, Helene Ødven til NRK då eigedomane låg ut til sals i 2012.

Målsettinga til eigarane har vore å skape aktivitet i den veglause vesle fjordarmen, men slik har det altså ikkje gått. Det er ikkje med lett hjarte eigedomen er lagt ut på marknaden.

– Eg har eigedommar fleire stader og vurdert att og fram kva eg skal gjere, seier Skjerven.

Heller ikkje for Øvreås er salet noko han tek lett på.

– Eg ser klart for meg korleis eg ville hatt det, men eg trur ikkje det let seg gjere å få butikk ut av det før om nokre år. Eg veit ikkje om eg har den ventetida i meg eller om eg har helse til det. Andre måtte stått for drifta seier han, og opnar døra på gløtt for å vere med på prosjektet vidare om andre er villige.

En skjult perle ved Sognefjorden
Foto: Frode Søreide / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser