Hopp til innhold

Finn truleg ikkje årsaka til dødsulukka

Kjærasteparet som omkom i ei trafikkulukke i Selje i november, døydde av drukning. Kva som gjorde at bilen hamna utfor vegen, veit politiet framleis ikkje.

Dødsulukke i Selje

ÅRSAK: Kva som gjorde at bilen dei to ungdomane sat i hamna i sjøen er framleis uklart. Dei to døydde av drukning syner obduksjonsrapporten.

Foto: Inge Skavøypoll / NRK

– Når det gjeld årsaka til ulukka så trur eg ikkje vi kjem noko nærare enn det vi er no, seier etterforskingsleiar i Nordfjord, Øystein Ruud.

Wahid Babaie (19) og kjærasten Ida Tahooni Kivi (18) omkom i ulukka då bilen dei sat i hamna i sjøen. Bilen blei funnen på ni meters djupn like ved Røyrvikneset i Selje. Politiet har no fått obduksjonsrapporten og ulukkesrapporten frå Statens vegvesen, utan at den gjer nokon vidare peikepinn på kva som har skjedd.

– Farten på bilen var truleg mellom 70 og 75 km/t på ulukkestidspunktet. Det var ingen tekniske feil på bilen som tilseier at den har køyrt ut, fortel Ruud.

Dei to ungdomane var frå Florø, men elevar ved den vidaregåande skulen i Vågsøy, og var på veg frå Selje mot Måløy då ulukka skjedde.

Kan sjå vekk frå fleire alternativ

Dei to omkomne har truleg også hatt bilbelte på seg då ulukka skjedde. Ut ifrå dei opplysningane som no ligg på politiet sitt bord, ser det heller ikkje ut til at ulukka er forårsaka av vêr- eller føreforhold.

I samband med etterforskinga har politiet avhøyrt fleire vitne, og med den informasjonen politiet sit med no, så er det heller ingenting som tyder på at det var andre bilar involverte i ulukka.

– Vi veit ikkje kvifor dei køyrde ut, og vi jobbar med å avklare mest mogleg om kva som ikkje har forårsaka ulukka, seier Ruud.

Politiet held framleis på med etterforsking av saka, men Ruud trur det blir vanskeleg å få eit endeleg svar på kva som skjedde.