Hopp til innhold

Finn menneskeavføring i slåttegraset

Bøndene i verdsarvområdet langs Nærøyfjorden er plaga med turistar som tek seg til rette, og campar utanom dei tilviste plassane.

Slått på Stokko

TAR SEG TIL RETTE: Bøndene som driv i verdsarvparken langs Nærøyfjorden har fleire gonger opplevd å finne menneskeavføring i høyet.

Foto: Linn-Janette Underdal Skarsbø

I samband med slått og høying på Stokko har bøndene fleire gonger funne menneskeavføring og andre etterlatenskapar i høyet.

– Det er inga kjekk oppleving. Dette skal vere fôret til geitene, og det er heller ikkje kjekt for dei som arbeider med det, seier Linn-Janette Underdal Skarbø.

Enga på Stokko ligg tett ved fjorden. Eit stykke unna er det sett av eit område som kan brukast til camping. Men mange vel heller å slå leir midt i slåtteenga.

– Kvar gong vi er der så ser vi at det er mykje turistar der som kjem med kajakk. Kvar morgon vi kjem så har det vore nokon der. Det kan vere alt frå to til 15 som har overnatta, seier Underdal Skarbø.

Respekterer ikkje skilting

Linn-Janette Underdal Skarsbø

LEI VILLCAMPING: Linn-Janette Underdal Skarbø fortvilar over turistar som tar seg til rette

Foto: Linn-Janette Underdal Skarsbø

– Det er sett av eit område til camping, men ikkje heile området. Det er ikkje det av vi meiner at folk ikkje skal kunne campe, men dei må kunne sjå forskjell på ei mark som er slått og ei som ikkje er det, seier Underdal Skarbø.

Underdal Skarbø seier at det for dei er greitt at folk campar der nå dei er ferdige med slåtten, og så lenge dei fjernar alle spor etter seg. Men det er det ikkje aller som gjer.

– Nei, vi finn bos som ligg at. Vi finn bålplassar med stein rundt der vi skal slå. Det er det ikkje lett å sjå når graset er langt, og då er det fort å øydelegge slåmaskina. Og når vi finn menneskeavføring i graset så må vi kaste det, seier Underdal Skarbø.

Ofte har dei tilreisande også forsynt seg av veden som bøndene i området har hogge.

Etterlyser betre informasjon

I sommar vart Underdal Skarbø så oppgitt at ho har skrive brev både til Fylkesmannen, verdsarvparken og selskapa som driv med kajakkutleige. Ho meiner områda som er sette av til camping må merkast betre, og turistane må få betre informasjon om korleis ein skal oppføre seg i naturen og kulturlandskapet

Eivind Nordeide

KAJAKK-TURISME: Eivind Nordeide er styreleiar i Njord.

Foto: Privat

– Eg forstår at dette er eit problem for dei, seier Eivind Nordeide, som er styreleiar i Njord, eit av selskapa som driv med kajakkutleige i Aurland.

Han vedgår at dette har vore eit problem som har eksistert heilt sidan ein starta med kajakkpadling i fjordane. Han meiner likevel at dette ikkje er eit problem på dei guida kajakk-turane.

– På dei guida turane er det strenge reglar og god oppfølging. Problemet er nok med dei som kjem åleine med eige utstyr, eller berre leiger kajakk. Vi gir jo informasjon til dei som leiger kajakk om kva som er lov og ikkje, men det er klart at vi ikkje har kontroll på kva dei som leiger kajakk gjer når dei forsvinn ut av syne, seier Nordeide.

Han utelukkar ikkje at Norge i framtida må ha eigne nasjonalparkvaktarar slik som til dømes i USA, som ser etter at folk føl reglane i nasjonalparkane.

– Det kjem til å kome mykje meir turistar i framtida som vil oppleve den vakre naturen vår, og då må vi nok ha oppsynsmenn både på sjøen og i fjellet, seier Nordeide.