Hopp til innhold

Folk held motet oppe trass alt regnet – kanskje opphald i neste veke

FØRDE (NRK): Sjølv om det har regna nesten ein månad i strekk, greier folk å finna lyspunkt. Blant anna i sølepyttar.

Tuva Flo Kyrkjebø (t.v.), Philip Lervåg Kjerstad og Lycke Dvergsdal (alle 5) hoppar i ein sølepytt i Nærleiken barnehage i Førde.

HOPPANDE GLADE: Tuva Flo Kyrkjebø (5, t.v.), Philip Lervåg Kjerstad (5) og Lycke Dvergsdal (5) leikar gjerne i sølepytten utanfor barnehagen. – Me blir fort kalde og må inn og varma oss når me er ute, seier Tuva.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

– Det er kjekkaste med regnet er å hoppa i sølepyttar, seier Philip Lervåg Kjerstad.

Saman med Lycke Dvergsdal og Tuva Flo Kyrkjebø går han i Nærleiken barnehage i Førde.

– Eg likar best sommaren, då kan ein bada, seier Dvergsdal.

Borna poengterer også at det er viktig med vottar om ein skal vera lenge ute.

Philip Lervåg Kjerstad og Lycke Dvergsdal leiker saman i sølepytten i Nærleiken barnehage i Førde.

LEIKER: Philip Lervåg Kjerstad (5) og Lycke Dvergsdal (5) transporterer vatn til produksjon av sølekaker.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Må ha på seg regnklede

Ungane i barnehagen er ikkje dei einaste som har måtta ha på seg regnklede mykje den siste tida. Det har også tømraren Kay-Egil Heimestøl.

– Alt går litt tregare og vert tyngre med desse kleda, men det er heldigvis ikkje så kaldt at det skiftar på å regna og sludda. Det er det verste vêret, seier han.

Han jobbar ute på taket av det nye psykisk helsevern-bygget i tilknyting til Førde sjukehus.

– Vêret blir nok ikkje fint igjen før i midten av april, fleipar han.

Tømrar Kay-Egil Heimestøl arbeider på taket av det nye psykisk helsevernbygget til Helse Førde.

LENGTAR: – Etter nokre dagar med fint vêr gløymer ein at dei vekene det har vore dårleg, seier tømrar Kay-Egil Heimestøl.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Blir kanskje opplett i neste veke

– Me har ein litt usikker vêrsituasjon i Vestland framover, men prognosane seier at det held fram med mykje lågtrykksaktivitet, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg.

Det tyder på at det nok kjem til å regna ei stund til. Likevel kan ein kanskje sjå litt fram til neste veke.

– Utan at eg vil garantera noko, er det ein tendens til at me får ein meir austleg eller søraustleg vindretning i fyrste del av neste veke, noko som nok fører til eit litt kaldare vêr. Det er mogleg at det også blir litt meir opphald grunna vinden, men det vert nok iallfall overskya, seier meteorologen.

Etter ein uvanleg tørr november har det utvilsamt vore ein våt vinter. I Svelgen regna det kvar dag frå 25. desember til 22. januar. I Lærdal har det allereie kome om lag fire og ein halv gongar så mykje nedbør som normalt i januar.

Ifylgje statistikken til Meteorologisk institutt, ligg det an til at mange målestasjonar i Vestland kjem til å få om lag dobbelt så mykje nedbør som normalt i januar.

Tom-André Wangensteen, assisterande butikksjef hjå Erdal Sport i Førde, viser fram syklane dei har sett fram, allereie i januar.

DÅRLEG SKISAL: Tom-André Wangensteen viser fram syklane dei har sett fram i sportsbutikken.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Har sett ut syklane

– Skisalet vårt blir kraftig redusert av den våte vinteren. Men for eksempel tekstilavdelinga vår sel litt betre no, seier assisterande butikksjef Tom-André Wangensteen hjå Erdal Sport.

Butikken på Elvetorget i Førde har allereie hatt sal på vintervarer som truger, og har no byrja å setja ut syklane til sals. Det er tidleg.

– Det er ikkje fyrste gongen me har opplevd ein vinter med lite snø. I og med at me er i denne vêravhengige bransjen, prøvar me å snu oss litt fort etter vêrhøva for å auka omsetninga, seier han.