Privatetteforskaren seier at vitneobservasjonen vart stroken frå politiet si vitneliste og forsvararen vart ikkje orientert.
- LES OGSÅ:
- Eit av desse vitnene fortel at lyden kom frå ein annan stad enn i nærleiken av sjølve funnstaden, seier Sandberg.
(Saka held fram under TV-innslaget)
- Dårleg politiarbeid
Sjukepleiarstudenten Anne Slåtten frå Hjelmeland i Rogaland vart funnen drepen i Førde sentrum i juni 2004. Øyfred Henning Standnes frå Bygstad vart dømd til 15 års fengsel for drapet.
Sjølv om det vart funne DNA av mannen på kvinna, har han heile tida hevda si uskuld. Sandberg utelukkar ikkje at han kan vere uskuldig dømd og skuldar politiet for dårleg arbeid.
- Dette burde vere ein sjølvsagt del av det totalbiletet som forsvarar får vite om og som den dømmande rett får vite om, seier han om vitneobservasjonane som er utelatt frå grunnlagsdokumenta i saka.
Avviser kritikk
Privatetterforskaren seier han så langt har hatt kontakt med og kjenner til nærare eit tosifra tal vitneforklaringar som ikkje er med i grunnlagsdokumenta.
Politiinspektør Ronny Iden ved Sogn og Fjordane politidistrikt avviser kritikken.
- LES OGSÅ:
- Når det gjeld dette med dokument som er strokne frå vitnelista som du seier, så er det slik at alle dokument av betydning er tekne inn i saka. Dei resterande dokument som ikkje er tekne inn skal forsvarar også hatt innsyn i, seier Iden.
(Artikkelen held fram under TV-innslaget)
Forsvann frå vitnelista
Sandberg viser vidare til eit vitne som skal ha gått forbi drapsstaden på det tidspunktet politiet meiner Slåtten vart drepen. Sjukepleiarstudent var på veg til jobb då ho vart drepen.
Vitne melde seg sjølv for politiet og sat fleire timar i avhøyr. Etter å ha samtykka til å vere med på rekonstruksjon, har han ikkje høyrt noko. No finn ikkje Sandberg namnet til vitne i vitnelista.
- Det han forklarer er at han passerte funnstaden to gonger tett opp mot det tidspunktet drapet skulle funne stad, utan at han observerte eller såg noko som kan knytast til drapet, seier Sandberg.
Trur ikkje på ny sak
Politiinspektør Iden trur ikkje at Sandberg sin gjennomgang vil føre til ny rettssak i drapssaka.
Privatetteforskaren er hyra inn av familien til den dømde bygstadmannen
.- LES OGSÅ:
- No føreligg det ein rettskraftig dom og det held vi oss til. Domen er basert på god etterforskning og gode bevis for retten. Det er slik saka er. Ut over det vil eg ikkje kommentere saka, seier Iden.