Det seier lensmann Kjell Fonn i Førde og Naustdal. Han vedgår at det no kan bli svært vanskeleg å finne ei årsak til dyretragedien.
Utvikla seg raskt
Brannen natt til 26. mars utvikla seg truleg svært fort. Sjølv om brannvesenet kom raskt til staden, kunne dei ikkje gjere anna enn å hindre spreiing til dei andre bygg i tunet på Løtuft.
Sterk varme
Gardbrukaren prøvde å opne fjøsdøra og få ut dyra, men ein daud kalv sperra inngangen, og varmen vart for sterk. 104 sauer og 23 storfe strauk med i brannen.
Lensmann Kjell Fonn seier at politiet ikkje har mistanke om at brannen er påsett.