NRK Meny
Normal

Finn ikkje svar på mistenkeleg dødsfall

Politiet har sendt saka om dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet vidare til påtalemakta. Regionlensmann Arne Johannessen fryktar dei aldri vil få svar på kva som skjedde.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

INGEN SVAR: Politiet har i lang tid etterforska det mistenkelege dødsfallet til Veronica Heggheim Stegegjerdet, men har ingen gode svar å kome med.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

Det har nesten gått ti månader sidan Veronica vart funnen død i Barsnesfjorden i Sogndal etter å ha forsvunne sporlaust frå heimen sin tre veker før.

Siste del av etterforskinga vart avslutta torsdag i førre veke. Den er no sendt over til påtalemakta i Sogn og Fjordane, som skal vurdere kva som skjer vidare.

– No er det påtale som skal uttale seg om kva som skjer vidare i høve til tiltale. Vi har konkludert med at saka er ferdig etterforska. Vi har fått sett lys på alt som er råd å få fram, men vi er ikkje komne nærare ein endeleg konklusjon i høve til kva som skjedde i forkant av at Veronica hamna i elva, seier regionlensmann Arne Johannessen til NRK.

– Har snudd alle steinar

Arne Johannessen

BEKLAGELEG: Regionlensmann Arne Johannessen seier det er beklageleg at det framleis er mange spørsmål knytt til Veronica-saka.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Ein person har framleis status som sikta for å ha utsett Stegegjerdet for vald kort tid før ho forsvann frå heimen sin i Årøyane. Det blir opp til påtalemakta å vurdere om det blir teke ut tiltale.

Etterforskinga har dei siste to månadane vore ei kvalitetssikring av den tidlegare etterforskinga, men dette har ikkje tilført noko nytt til saka.

– Vi har snudd alle steinar for å vere heilt sikre på at det ikkje ligg noko der som vi ikkje har fått med oss, seier Johannessen.

Skulle ønske dei kunne gi svar

Han skulle ønske at dei kunne ha kome med eit klårare svar på kva som skjedde, men framleis er det mange spørsmål.

– Eg synest det er svært beklageleg at ein ikkje kan få klåre svar på kva som skjedde i timane og minutta i forkant av ei så stor tragedie som ramma familie, vener og kjenningar. Eg synest alltid det er trist å måtte avslutte ei sak utan eit svar med to strekar under. Slik er det i ein del saker. Det er politiet sitt ansvar å finne alt ein kan, men av og til får ein ikkje svar, og det synest eg er svært beklageleg, seier regionlensmannen.

Svært interesserte i ny informasjon

Johannessen ser ikkje vekk frå at saka kan bli teke opp att dersom det skulle komme ny informasjon i saka. Han viser til saker i fleire andre politidistrikt der det i ettertid har synt seg at vitne har hatt informasjon som dei ikkje har delt med politiet.

– Det er alltid ein moglegheit for at saka blir opna på nytt dersom det er slik at det framleis er informasjon som enkeltpersonar sit på som ikkje er kome fram, eller det skulle dukke opp andre ting i etterkant, så er det openbert at politiet vil ha interesse av det.

Vegopning på Bergum i Førde kommune