Hopp til innhold

Finn fram ulla - no blir det kaldt!

I helga kan du vente deg ned mot 15 minusgrader. Og skal du ha vinterferie, bør du bruke dei første dagane godt!

Klart og kaldt på Filefjell

NYT DAGANE: Har du sjansen, bør du prioritere skitur i helga og dei første dagane neste veke

Foto: Jan Christian Jerving

– Ja, det blir skikkeleg kaldt mange stadar. I indre strøk kan dei vente seg mellom minus ti og 15, iallfall på nattetid, seier vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Jørgen Grønneberg.

For mange er helga starten på vinterferieveka, og då kan det kanskje passe bra med sol og fint vintervêr.

– Det blir kaldt og klart, og når sola er framme, så skal du ikkje sjå heilt vekk ifrå at ho varmar litt også, seier Grønneberg.

Blir overskya på laurdag

Høgtrykket som har sige innover landet, har med seg kald luft frå nord, og det er dét som gjer at temperaturane no tek eit solid djupdukk samanlikna med plussgradene vi har hatt dei siste vekene.

– Laurdag ser det likevel ut til at det vert litt meir skyer. For å vere heilt ærleg er vi litt usikre på laurdagen. Men søndag er vi tilbake med kaldt og fint klarvêr, seier Grønneberg.

Dersom prognosane slår til kjem det kalde vintervêret til å halde seg både måndag og tysdag.

– Dersom det vert noko vind, snakkar vi om eit nordaustleg drag. Rundt Stad og utsette stadar kan det komme til å blåse frisk bris, seier Grønneberg.

Meir vind og nedbør neste helg

Men onsdag ser det ut til at høgtrykket slepper taket.

– Det kjem meir skyer og nedbør. Men det vert framleis så kaldt at nedbøren kjem som snø. Kor mykje det er snakk om, er det litt for tidleg å seie, seier Grønneberg.

Prognosane så langt syner at det er sør på Vestlandet som er mest utsett.

– Så får vi berre sjå kor langt nordover det strekkjer seg. Når vi nærmar oss neste helg er det meir usikker. Det ser ut til å bli endå meir vind og nedbør. Temperaturen stig ytterlegare, men det vil truleg framleis vere minusgrader, seier Grønneberg.