Hopp til innhold

Finn fram solbrillene – no kjem sola

Etter fleire dagar med gråvêr er den endeleg tilbake. Sola skal varme fylket med sitt nærvær på sundag. Då blir det sol, sol og atter sol.

sol

KVA MED EIN FJELLTUR I FINVÊRET?: Kva passar vel betre enn ein fjelltur i sola for dei som vil det. Her frå Hatlesetnipa (583 Moh.) som gir deg utsikt over Eikefjorden, Norddalsfjorden og utover mot Florø.

Foto: Privat

På sundag kan du bytte ut regnklede og paraply med solbriller. Då skal sola nemleg skine så hardt den berre kan over heile Sogn og Fjordane.

Etter ein våt sommar og ein grå start på hausten er det håp i sikte.

– Det blir bygevêr fram til kvelden på laurdag, før det dabbar av og går mot lettare vêr. Sundag vil bli ein fin dag, seier meteorolog Gunnar Livik.

Det blir meldt om noko vind på kysten, men litt vind i håret passar vel godt når sola skin som mest.

Sola kan følge oss inn i neste veke

Måndagen kan sjå ut til å bli like fin, men meteorologen er sikker i si sak – kom deg ut på sundag.

Gunnar Livik med plakat

ENDELEG EI PAUSE FRÅ REGN OG SKYER: På sundag blir det sol over heile fylket når regnet tek seg ei pause, fortel meteorolog Gunnar Livik.

Foto: met.no

– Eg håper nokon vel å nytte moglegheita til å komme seg ut når det er fint ute. Det er jo helg og eit flott vêr. Måndag blir ein grei dag med stort sett fint vêr, men då er jo folk tilbake på jobb, seier Livik.

For dei som håper på at sola er komen for å bli, kan det bli fleire glimt av den varme og etterlengta sola som har vore fråværande i sommar.

– Prognosane er enda usikre, så det er vanskeleg å sei om det blir lange periodar med opphald. Det er likevel moglegheiter for at vi ut i veka får glimt av betre vêr, meiner Livik.

Kanskje du kan sove ute?

Er du usikker på korleis du skal tilbringe ein sundag i sola er det nokre arrangement du kan slenge deg med på.

Denne helga startar friluftslivets veke der heile Noreg blir invitert med ut i naturen. Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonane står bak den årlege markeringa, som startar med ei natt i naturen natt til sundag.

– Du trenger ikkje reise så langt frå der du bur for å overnatte i telt. Det finst mange fine naturstadar i nærleiken til der folk bur, seier Mariken Kjøhl i Forum for natur og friluftsliv til NRK.

På sundag er det kom deg ut-dagen og 10-årsjubileum for Norges nasjonale turdag. Då arrangerer den norske turistforeinga turar og aktivitetar i nærmiljøet for familiar og andre til ein fin utedag i sola.

Ta eit bilete på finvêrsdagen

Del gjerne med oss korleis du brukar dagane med sol. Har du bilete du vil at NRK sitt publikum skal sjå, så kan du bruke både Instagram, Facebook, epost og SMS for å dele det med oss:

Instagram – merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
Facebook- Send oss bilete via Facebook-sida vår
Epost: Bruk epost sf@nrk.no

Sist, men ikkje minst, nyt sola.

Laster innhold, vennligst vent..