Hopp til innhold

Finn eldgamle skattar under tjæren

Ved hjelp av ny teknologi blir gamle skattar under tjukke tjærelag på stavkyrkjene dokumentert for all framtid.

Borgund stavkyrkje i Lærdal er ekspertar i full gang med å avdekkje og dokumentere eldgamle detaljar som ingen har sett på 800 år.

Ved bruk av moderne 3D sikrar dei seg detaljane som gjer at dei kan byggje opp nøyaktige kopiar om kyrkja skal bli øydelagd.

– Detaljane ser du ikkje frå bakken. Dei er laga for Gud, for han ser det. Du blir stum, fortel ein engasjert Bjarte Aarseth frå kulturhistorisk museum.

Skulle beskytte

Borgund stavkyrkje

SØVNPROBLEM: Arbeidet med å dokumentere detaljane er så spanande at Bjarte Aarseth nesten ikkje får sove.

Foto: Stig Indrebø/NRK

Aarseth er biletskjærar og forklarar med stor iver treskjeringane stavkyrkja bygd kring 1180.

Dei nydelege utskjeringane er høgt oppe i kyrkjetårnet.

– Dette er fire dragar som bit i kvarandre. Det var brukt i mellomalderen. Dei tok drakane frå vikingtid og over på stavkyrkjer for å beskytte bygningen mot vonde ånder og mørke krefter, fortel han.

Scanner kyrkja

Dokumenteringa av detaljane under lag på lag med tjære, skjer samstundes som eit omfattande restaureringsarbeid på kyrkja. Til no har ein ikkje hatt oversikt over kva som skjuler seg under tjærelaga.

Ved hjelp av ein 3D-scanner blir dei rike detaljane dokumenterte heilt ned på millimeteren. Og arbeidet er viktig, meiner Aarseth.

– Sei at tårnet hadde gått med i ein storm. Då hadde dei ikkje kunne gjenskape korleis tårnet såg ut fordi det ikkje var dokumentert, seier han.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video 022196c6-51f6-4beb-b4e3-ed556ec4092a.png

SJÅ: Under eit lag av tjære ligg det skattar i stavkyrkjene - nemleg spektakulære bilete frå mellomalderen. Fram til no har desse vore skjult. Men ved hjelp av moderne teknologi kjem bileta fram i lyset igjen.

Må vere nøyaktig

Otto Mackerle frå Rambøll AB hjelper til med dokumentasjonen. Han fortel instrumenta må vere nøyaktig innstilte om ein skal få fram alle detaljar som skjuler seg under tjæra.

– No er det veldig ujamt her, så det gjeld å ta så mange bilete frå ulike vinklar for å fange alle detaljane, fortel han.

Bileta blir sendt frå scanneren til ei datamaskin. Litt etter litt kjem detaljane fram dataskjermen. Dei litt kornete og fleirdimensjonale bileta som viser seg seier kanskje ikkje så mykje for dei som ikkje har greie på det.

Prøvde i 1880

Borgund stavkyrkje

SKJERM: Bileta som vert skanna kjem fram på ein dataskjerm.

Foto: Stig Indrebø/NRK

Med litt arbeid frå Aarseth fram detaljar som har vore skjulte i hundrevis av år. Han fortel at det også tidlegare er gjort forsøk på å dokumentere dei vakre utsmykkingane.

Dog med varierande hell.

– Dette har ikkje vore gjort sidan 1880, og han stod på bakken og såg opp. Du kan tenkje deg korleis den teikninga ser ut, seier han.

Måtte gi seg

Berre ein gong tidlegare har ein nytta denne skanninga på ei stavkyrkje. Målet er no å få kartlagt alle dei resterande stavkyrkjene i landet.

Riksantikvaren meiner det har vore i underkant av 2 000 stavkyrkjer i Norge. Av desse er 28 kyrkjer tekne vare på.

Aarseth har prøvd seg på dokumenteringsarbeidet også tidlegare. Med den nye teknologien er han nærare enn nokon gong å lykkast.

– Det som eg skal få fram, er linjene. Dei har eg prøvd å få fram tidlegare, men måtte gje meg på det. Det vil eg greie no med skanninga, for den ser inn i tjæra, seier han.