Hopp til innhold

Finn ein rett på VG Nett

- Det var jo berre ein tittel og ein stikktittel, kommenterer nyheitsleiar Tone Libråten i VG Nett.

VG Nett på nynorsk
Foto: Faksimile: VG Nett

Men dessverre for målfolket er det nok ikkje språkpolitikk det handlar om når VG Nett har nynorsk tittel på toppsaka.

- Dette handlar om nynorskeksamen. Me ville laga ein artig vri på ei sak som elles er så tragisk for elevane, seier Libråten.

Saka handlar om avgangselevene på ein vidaregåande skule i Bærum, som vart sende heim av streikevakter då dei møtte opp til sidemålseksamen. Artikkelen er skriven på bokmål, og dette betyr ikkje at ein treng å heisa flagget i målkretsar.

- Det vert nok ikkje vanleg å kunne lesa nynorsk på VG Nett framover, nei. Dessverre må ein vel kanskje sei, når ein tenkjer på nynorskbrukarane, seier Libråten.