NRK Meny
Normal

Finanstilsynet er uroa over bankproblema

Problema norske bankkundar opplever uroar Finanstilsynet. Dei ber no bankane sette i verk tiltak for å betre driftsstabiliteten.

Hovudkontoret til Evry på Fornebu i Oslo.

I SØKELYSET: Ved hovudkontoret til Evry på Fornebu i Oslo har dei i heile dag jobba på spreng for å løyse problema. Førebels veit dei ikkje korleis feilen oppstod.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Millionar av norske bankkundar har vore utan tilgang til nettbanken fredag etter en feil hos IT-selskapet Evry.

– Sett over nokre år har det vore ei positiv utvikling i driftsstabiliteten hos bankane. Det siste året har vi derimot sett ein auke i driftsproblem som har råka publikum. Dette har hatt avgrensa samfunnsmessige konsekvensar, men utviklinga gir grunn til uro. Det er difor viktig at bankane set i verk tiltak for å betre driftsstabiliteten, seier kommunikasjonsdirektør Kjetil Karsrud i Finanstilsynet i ein e-post til NRK.

Evry er Norges største IT-selskap og har vore i søkelyset fleire gonger for feil som har skapt problem for norske bankkundar.

Fokus på reserveløysingar

– Kor sårbare er norske banktenester?

– Banktenester er i svært stor grad avhengig av informasjonsteknologi og er sårbare for svikt, anten det gjeld svikt i bankane sine eigne driftsløysingar eller svikt hos underleverandørane deira. Det er bankane sitt ansvar at dei tekniske løysingane fungerer tilfredsstillande og er stabile, seier Karsrud.

Han seier tilsynet er spesielt opptekne av at betalingsløysingane som folk brukar i kvardagen fungerer.

– Vi har difor ekstra merksemd retta mot reserveløysingar ved bruk av betalingskort.

– Rom for forbetringar

– Innan banknæringa har det vore mange hendingar den siste tida. Kva gjer tilsynet for å følgje opp?

– IKT- og betalingsløysingar er ein viktig del av tilsynet med bankane. Alvorlege hendingar blir følgt opp av oss. Bankane pliktar å varsle oss om kritiske hendingar, seier Karsrud.

– Har IT-tryggleiken klart å halde tritt med digitaliseringa i bankstellet?

– Av de hendingane som Finanstilsynet har fått rapportert dei siste åra, har berre eit fåtal vore tryggleikshendingar. Det vil seie hendingar som til dømes datainnbrot. Når det gjeld den operasjonelle drifta, har Finanstilsynet påpeikt at bankane har rom for forbetringar.

– Ikkje sårbare system

Konserndirektør Unni Strømstad i Evry meiner dei systema og rutinane deira er gode nok.

Unni Strømstad

BEKLAGER: Konserndirektør Unni Strømstad i Evry.

Foto: Pressebilete frå Evry.

– Vi meiner vi har dei systema og rutinane som trengst. Vi trenar ofte på situasjonar som denne.

– Dette er ikkje første gongen de har problem. Er systema for sårbare?

– Vi meiner systema ikkje er for sårbare. Men det er heile tida viktig å jobbe med rutinar og tryggleik knytte til til IT-system. Det gjer vi heile tida. Og vi har opplevd mindre problem med systema våre dei siste to åra enn det vi opplevde tidlegare, seier Strømstad.

– Alvorleg

Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medium hos IKT Norge, seier hendingar som dette er alvorlege.

Torgeir Waterhouse, IKT NORGE

ALVORLEG: Torgeir Watherhouse, direktør for internett og nye medium hos IKT Norge.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

– Det er alvorleg når ein såpass sentral infrastruktur og verifiseringsløysing som dette går ned. Men det er andre ting som hadde vore meir katastrofalt, til dømes om alle sjukehusa fekk tekniske problem, seier han.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.