Distrikta hardast råka i ny finanskrise

NHO fryktar det eksportretta næringslivet i distrikta vil få det tøffast som følgje av den nye økonomiske krisa.

Tor Steig

VIL RÅKE: Sjeføkonom i NHO, Tor Steig, fryktar den nye økonomiske krisa vil gje eksportretta næringsliv i distriktet store utfordringar i framtida.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Børsar over heile verda har gått kraftig nedover på grunn av gjeldssituasjonen i USA og Europa.

NHO trur at næringslivet her til lands vil merke at Europa og USA er inne i ei dramatisk gjeldskrise som kan verte langvarig. Sjeføkonom Tor Steig seier at det er den eksportretta næringslivet som no vil få det tøffare.

– Det er fiskeeksporten og industrien vår, men også næringar knytt til turisme er utsett. Svak utvikling i Europa gir ei svakare kjøpekraft, men vi har også sett at krona er ganske sterk. Det svekkjer konkurransesituasjonen til mange av dei same næringane. Det er ei tosidig verknad. På marknadssida som utviklar seg svakare og vi har veldig høge kostnader i Norge, seier Steig.

Kan bli nedbemanning

– Kan det gå så gale at verksemder må nedbemanne og avvikle?

– Ja, det kan skje relativt fort. I alle fall at permitteringane og så vidare aukar. Det er på ein måte det første som skjer, seier Steig.

Steig seier det er vanskeleg å vite om den økonomiske nedturen blir langvarig. I Måløy sit ein uroa Rolf Domstein og fryktar ei tøffare tid framover.

– Når krona styrker seg, så får vi mindre betalt for produkta våre, seier han.

Direktøren i fiskerikonsernet Domstein veit at han er i ein bransje som kan få det tøft som følgje av uroa i verdsøkonomien. Før helga vart USA sin kredittverdigheit justert ned som følgje av den veldige statsgjelda. Samstundes stuper børsane, og den norske krona har styrka seg.

Verksemda i Måløy eksporterer kvitfisk som torsk og sei, og har hundrevis av tilsette og hovudaktivitet i Sogn og Fjordane. Dermed er dei eit døme på korleis næringslivet i distrikta vil merke krisa på kroppen.

– Fiskeeksporten er mellom dei viktigaste eksportnæringane våre. Vi sel over 90 prosent av produkta våre på eksportmarknaden. Difor er vi veldig påverka av valutautviklinga. Gjennom sommaren har vi sett eit press nedover, spesielt på grunn av valutautviklinga, slik at marginane til eksportørane og foredlingsverksemdene no blir redusert, seier Domstein.

Verst for agderfylka

Halvor Flatland

AVVENTANDE: Halvor Flatland ser at fiskerinæringa kan bli råka av finanskrisa.

Foto: Bård Siem / NRK

For verksemda er heilt avhengige av utanlandske kundar som har pengar til å kjøpe fisken. Halvor Flatland, direktør i Innovasjon Norge i Sogn og Fjordane, vedgår at distrikta, og då spesielt fiskerinæringa, kan bli råka av finanskrisa.

Han trur likevel at dei råka aktørane i Sogn og Fjordane er robuste nok til å takle konjunktursvingingane.

– Det er alvorleg det som skjer internasjonalt, men samstundes er det stor avstand ut dit, seier han og ikkje trur at det blir den heilt store krisa i hans heimefylke.

– Det er sikkert mange andre delar av landet som vil merke dette meir enn Sogn og Fjordane. Møre og Romsdal har veldig mange som er mykje meir internasjonale, og likeins nedover Vestlandet og ikkje minst agderfylka. Vest Agder er det fylket som per innbyggjar eksporterer mest, seier han.

Trur på låg rente

Men der andre er taparar, finnast det også vinnarar. Steig trur neppe at den venta renteveka vil komme no.

Han meiner at dersom ein er i trygg jobb og har mykje gjeld, så kan ein truleg vente at renta vil halde seg låg framover.

– Vi vurderer det vel slik at dersom det kjem renteauke på onsdag, så er det den siste på lenge, meiner han.

Følgjer spent med

Rolf Domstein

FØLGJER MED: Rolf Domstein i Domsteinkonsernet.

Foto: utlånt av Domstein-gruppen

Men innan fiskerinæringa kan få skryte av at jobbane deira er freda. Domstein, som også er styreleiar i Eksportutvalet for fisk, veit at både fabrikkeigarar og tilsette vil følgje spent med framover.

– Når det blir meir fiskeri utover hausten, det gjeld både kvitfisk, sild og makrell, så vil valutautviklinga bety ein god del for prisutviklinga på produkta, seier han.