Fin medaljefangst for unge talent

Så langt har unge friidrettshåp frå Sogn og Fjordane teke fire gull under ungdomsmeisterskapen på Askøy.

Daniel Hessvik Holm (i midten)

GULL: Daniel Hessvik Holm (i midten) sikra seg gullet i stav G18/19.

Foto: Jørund Årdal

Laurdag har det så langt blitt tre gull og tre sølv. Daniel Hessvik Holm frå Svelgen hoppa 4,41 meter i stav i G18/19 og sikra seg dermed gullet. Lagleiar for Gloppen, Jørund Årdal, er imponert over prestasjonen.

– Han er no berre ti centimeter bak seniorkrinsrekorden for Sogn og Fjordane. Han gjorde ein veldig bra stavkonkurranse i dag, seier han.

Gull på kappgang og slegge

Thomas Mardal

TO GULL: Thomas Mardal har sikre seg 1. plassen både i slegge og diskos.

Foto: Rune Helle

Kristiane Rygg frå Hyen tok gull i J18/19 på 2000 meter kappgang med tida 10:34, 92. Det blei også gull til Thomas Mardal i slegge med 50,85 meter.

Hans Sande frå Brodd tok sølv i slegge i G16 med 53,67 meter. Det blei også sølv til Vanessa Sunde Hol frå Gloppen i kule J16 med eit kast på 14,11. Erlend Ulvestad frå Brodd sikra seg sølv i kule G16 med 12,92 meter.

– Eg er imponert over alle desse. Dei har persa alle saman, så prestasjonane er veldig gode, seier Årdal.

Laurdag kveld var også Sander Sekkingstad Terum frå Aurland OL i aksjon. Han enda på ein 3. plass på 2000 meter hinder med tida 6,17,81.

Tre medaljar fredag

Fredag blei det tre medaljar då Thomas Mardal (G15) frå Sandane tok gull i diskos G15, Erlend Ulvestad (G16) frå Brodd tok sølv i diskos og Evald Osnes Devil (G17) frå Brodd sikra seg bronse i slegge.

Årdal seier Sogn og Fjordane har teke færre medaljar enn tidlegare, men at Gloppen held stand.

– Gloppen-klubbane har klart seg veldig bra, seier han.

Søndag held meisterskapen fram med nye konkurransar.