Filmtalent stakk av med to prisar

Nytt filmtalent tok både publikumsprisen og prisen for beste fiksjon under gallakvelden til Sogndal Filmfestival.

Video Skuggeprinsen

VANN PUBLIKUMSPRISEN: Sjå filmen som fekk flest stemmer av nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane.

Sogndal Filmfestival

PUBLIKUMSPRISEN: Bjørnar Hegg-Lunde (innfelt)fekk flest stemmer for prisen sin. Leon Bashir (til høgre) delte ut prisen.

Foto: NRK

Bjørnar Hegg-Lunde frå Lærdal vart den store prisvinnaren på årets filmfestival med filmen «Skuggeprinsen».

I skarp konkuranse med ni andre filmar vann han «Publikumsprisen», der nettlesarane til NRK Sogn og Fjordane hadde stemt på den filmen dei likte best. I tillegg vann han prisen for beste fiksjon.

– Dette er dritkult. Det gjorde veldig godt etter alt arbeidet med denne filmen. Vi er mange som arbeidd med å få den til, sa ein glad vinnar som var med via Skype.

Bjørnar Hegg-Lunde

TO PRISAR: Bjørnar Hegg-Lunde tykte det var flott å vinne i kveld.

Foto: Jon-Andre Hakvaag

Han sikra seg eit kamera til ein verdi av 8000 kroner som var premien frå NRK Sogn og Fjordane.

Prisen vart delt ut av skodespelar og regissør Leon Bashir, som er kjent frå filmar som Izzat og Tomme Tønner.

Rekordoppslutnad

Hegg-Lunde, som var medieelv i Sogndal i fjor, går no på filmlinja på Danvik folkehøgskule i Drammen.

Filmen hans er også nominert som ein av tre filmar til den prestisjefyllte Amandusprisen på Lillehammer. Sigeren hans i kveld og nomineringa til Amandus, vitnar om kvalitetsheving på filmiljøet med røter i Sogn og Fjordane.

Sogndal Filmfestival samla i år rekordoppslutnad med nær 50 filmar til juryering. 150 publikummarar hadde teke turen for å bli med på filmgallaen i kveld.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal Filmfestival

STOR STEMNING: Omlag 150 personar hadde teke turen til gallakvelden i Sogndal Kulturhus.

Foto: Oskar Andersen

Brødrene Volle fekk prisar

– Kvaliteten på dei beste filmane er aukande, seier Odrun Mitdbø. Ho var med i juryen saman med Stein Magne Os, Henning Rivedal, Karlis Bremers og Unni Ølnes.

Daniel Volle

VANN PENGAR: Daniel Volle vann 3000 kroner for filmen sin

Foto: NRK

Ikkje uventa stakk også brødrene Daniel og Ole Martin Volle frå Sogndal av med prisar dette året også. Ole Martin med prisen for beste reklame/promofilm og Daniel vann Sparebank Vest-prisen for filmen Going North.

– Dette er veldig flott og veldig gøy, sa Daniel Volle då han mottok ein sjekk på 3000 kroner for filmen sin.

Pris for dansefilm

Beste dokumentar vart også vunne av ein nykommar. 19 år gamle Ola Skram som fekk prisen for filmen om Dans Utan grenser sin turne til barneheimar i Baltikum. Skram laga den rørande dokumentaren som elev ved medielinja i Sogndal i fjor.

Eit anna filmtalent som har fått vist seg fram Hege Stein frå Hafslo. Ho er no filmstudent på Hamar. Som på Q-film vann ho prisen for beste animasjon med kortfilmen Historiespel.

Nytt av året er at Sogndal filmfestival hadde eigen ungdomspris. Den vart vunnen av elevar ved Lærdalsøyri barne – og ungdomsskule.