Hopp til innhold

Filmfestival ønskjer kortfilmen din

Med slagordet «Det beste av kortfilm i Sogn og Fjordane» er det snart klart for den sjuande filmfestivalen i Sogndal.

Marita Vindedal og Silje Bråstad

VIL HA FILMEN DIN: Marknadssjef Marita Vindedal og festivalsjef Silje Bråstad håper å få inn mange filmar til Sogndal Filmfestival 2012.

Foto: Sogndal filmfestival

19 engasjerte elevar ved Sogndal vidaregåande skule er med på å arrangere festivalen som går av stabelen i mars.

Dei håper på mange filmar og ønskjer at du lager ein kortfilm og sender den inn til Sogndal Filmfestival.

– Vi vil oppmode all ungdom til og med 25 år som har tilknyting til Sogn og Fjordane til å lage filmar. Filmane vil bli bedømt av ein uavhengig jury. Vi har fleire ulike kategoriar, og det vil bli ein publikumspris i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane, seier festivalsjef Silje Bråstad.

Eigen klasse for juniorar

Det blir også ein eigen juniorklasse for barne- og ungdomsskuleelevar.

– Vi håper at også denne aldersgruppa vil sende inn kortfilmar til oss. Når det gjeld frist for innsending, vil vi kome tilbake til det. Men alle bør byrje å lage film om om dei har tenkt å bli med.

Temaet er filmskaping

Det er travle veker for festivalgjengen med å få på plass føredragshaldarar, underhaldning og gallakveld.

Temaet denne gongen er filmskaping, og festivalen har allereie fått bekrefta den eine foredragshaldaren, som er produsent for ein av dei heilt store norske spelefilmane og som er tungt forankra i filmmiljøet.

– Men vi ønskjer ikkje å gå ut med namnet heilt enno, seier Bråstad.

Håper på kjente

Festivalen vil innehalde ein fagdag, gallakveld med prisutdeling, workshop og filmvisning. Elevane gler seg veldig til neste års festival.

– Det blir kjempekjekt. Og dersom vi får på plass dei føredragshaldarane og prisutdelarane vi ønskjer oss, blir dette interessante dagar for mange, seier ho.

Alle aktuelle filmar til publikumsprisen må anten vere fri for musikk eller innehalde sjølvkomponert musikk.

Frist for å sende inn bidrag er 5. mars.

Meir informasjon om påmelding finn du på www.sogndalfilmfestival.no.