Filmfestival ønskjer din beste film

– Send inn filmen din, oppmodar gjengen som står bak Sogndal Filmfestival.

Sogn Filmfestival, her representert av festivalsjef Synne Asheim Haga (t.v.) Marianne Bakken (t.h.)

SEND INN: Folka bak Sogndal Filmfestival vil gjerne sjå din film. Her er festivalsjef Synne Haga (t.v.) og Marianne Bakken.

Foto: Sogn Filmfestival

For åttande året på råd blir det filmfestival i Sogn. Som vanleg er det 3. klasse ved medielinja ved Sogndal vidaregåande skule som står bak arrangementet.

Det heile skjer 18.–19. mars. Festivalen er ein unik moglegheit for ungdom på Vestlandet til å vise fram talentet sitt innan film. Det blir også mange spennande foredrag og mykje underhaldning i løpet av desse to dagane.

– Dette er eit fantastisk tilbod for unge som ynskjer innsikt og inspirasjon til å jobbe vidare med film, seier festivalsjef Synne Haga.

Utvidar festivalen

I fjor fekk festivalen inn over 75 filmar. I år er målet endå fleire. Nytt i år er at festivalen vender seg til filmglad unge på heile Vestlandet.

– Vi har sendt ut invitasjon til vidaregåande skular, høgskular og folkehøgskular på heile Vestlandet. Vi har fått god respons på dette, seier ho.

Under filmfestivalen blir det vist mykje film og det blir mange foredrag. Om kvelden den 18. mars blir det gallakveld der prisane blir delte ut.

Dei nominerte filmane blir viste og det blir kåra ein vinnar i kvar kategori, utnemnt av ein uavhengig jury. På programmet er det òg duka for underhaldning med ulike innslag.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sogndal Filmfestival

GALLAKVELD: Også i år blir det gallekvled med filmar og prisutdeling. Her frå festkvelden i fjor.

Foto: Oskar Andersen

Kategoriane i år er:

  • Publikumsprisen, i samarbeid med NRK Sogn og Fjordane
  • Beste regi og manus
  • Beste animasjon
  • Beste dokumentar
  • Juniorprisen (til og med 16 år.)
  • Sportspris
  • Beste fiksjon
  • Beste etterarbeid

Vinn flott kamera

Publikumsprisen går til den filmen som får flest røyster på nettsida til NRK Sogn og Fjordane. Ei veke før gallakvelden, blir dei nominerte i denne klassen lagt ut på nettet.

NRK Sogn og Fjordane stiller med premien, som er eit flott kamera til ein verdi av omlag 8000 kroner.

Ny sportspris

Sportsprisen er ein ny kategori i år. Festivalgjengen håper å lokke til seg studentar på friluftslinjene og andre som er interesserte i sport og uteliv.

– Vi ønskjer filmar med alle typar sport, som til dømes klatring, sykling og ski. No håper vi at mange melder seg på i denne kategorien, seier Haga.

Vil du melde deg på? Dette må du hugse:

  • Hugs å skriv kontaktinformasjon og kva pris/kategori du melder deg på i.
  • Det er lov å melde seg på i så mange kategoriar ein ynskjer.
  • Filmfestivalen ønskjer at du sender inn filmen på CD/minnepenn
  • Adressa er: Sogndal vidaregåande skule v/ Sogndal Filmfestival
    Lunnamyri 2, 6856 Sogndal
  • Alternativ påmelding: kontakt oss på 975 46 895
  • Påmeldingsfristen er 28. februar
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.