Hopp til innhold

Høyrde ein enorm lyd - fekk filma siste delen av raset som kom ned på garden

– Då eg var sikker på at vi ikkje var i fare tok eg fram mobilen og fekk dokumentert den siste fasen av raset, seier Frank Aalen.

Frank Aalen filma steinraset ved Fortun.

Han var på besøk på garden til Andreas Otterhjell i Fortun laurdag. Alle var inne i huset då dei høyrde den mektige lyden av store steinblokker i fart nedetter fjellsida.

– Det var ei skremmande oppleving. Det var enorme krefter i sving i fjellsida, og det var tett på. Eg kom ut av døra, og det var ein enorm lyd som møtte meg. Det første som slo meg var å orientere meg om kvar eg var i forhold til raset.

– Måtte få dokumentert det

Laurdag ettermiddag kom ni store steinar buldrande ned fjellsida i Fortun i Luster. Dei største steinane var over tre meter høge, og kom ned frå fjellet Hjorten. Området ligg rundt 200 meter frå Fortun kyrkje.

Andreas Otterhjell og kona bur like ved rasstaden. Dei hadde besøk, og har fortalt NRK.no at dei blei skremde over det som skjedde.

– Det var skremmande då det rasa. Vi høyrer framleis at det kjem lausmasse ned frå sleppområdet. Kona mi søv ikkje så godt for tida, seier Otterhjell.

Frank Aalen heldt hovudet kaldt, og fekk filma den siste fasen av raset.

– Då hovudet mitt hadde klarert at eg ikkje var i fare sjølv fekk eg opp mobilen og fekk filma siste resten av steinane som kom ned. Då hadde alt dei store steinane kome ned, så det er eigentleg berre ein stein vi høyrer.

– Når det blir slik lyd av ein einsleg mindre stein kan ein tenke seg til korleis det var då dei første og største steinane kom nedover.

(Artikkelen held fram under biletet).

Stein frå raset i Fortun

IKKJE AKKURAT SMÅSTEIN: Ein av kampesteinane som la seg til ro på bøen til Andreas Otterhjell.

Foto: Frank Aalen

– Sette ein støkk i oss

Sjølv om opplevinga var skremmande kjem nok Frank Aalen og kona til å halde fram med å besøke Fortun.

– Det sette ein støkk i oss, og vi blir nok meir var på lydar. Det har kome mindre steinar i fjellsida heile tida, men dette var annleis.

Han er litt forundra over treg respons frå Luster kommune og Statens vegvesen.

– Dei kom og lappa holet i vegen, og det var det, liksom. Eg hadde venta at dei tok det litt meir seriøst når det kjem ut så store mengder med fjell, og når vi ser på den store trafikken som er opp til Fuglesteg og kor tett det er på busetnaden.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ras i Fortun

IKKJE LANGT FRÅ HUSA: I bakgrunnen ser vi husa på garden til Otterhjell.

Foto: Frank Aalen

Geologar på plass i dag

I dag skal geologar frå Statens vegvesen og frå NVE på synfaring med helikopter på rasstaden. Dei startar frå Leikanger klokka 13, opplyser Jan Magne Svåi, som er leiar for eigedom i Luster kommune.