Hopp til innhold

Film om bestefar blei beste film

Filmskapar Håvard Bergo sitt gripande møte med bestefar Helge Bergo førte til pris for beste film under Sogndal filmfestival.

Sogndal filmfestival 2016

Beste film og dokumentar: Håvard Bergo

– Eg er svært tilfreds med dei 3 prisane seier mestvinnande Håvard Bergo frå Eksingedalen i Vaksdal kommune.

Bergo vann prisen for beste film og beste dokumentar med den poetiske filmen ”Helge Bergo -Takk for turen". Vi følgjer den 91 år gamle bestefaren på sin daglege gåtur, og på ein strabasiøs tur opp til stølen.

Håvard Bergo som har utvikla seg gjennom filming på ekstremsportveko på Voss og fjellsportfestivalen i Sogndal vann også prisen for beste sportsfilm med longboard-filmen ”Sway”.

– Deltakinga på Sogndal Filmfestival er ein stor inspirasjon for meg seier Bergo.

Gjennom nettsidene til NRK Sogn og Fjordane har lesarane og sjåarane dei siste vekene vore med og røysta fram vinnaren av publikumsprisen under filmfestivalen i Sogndal. Heile 2748 stemmer kom inn, og i denne kategorien var det Dagny Sunde sin film "Fryktfaktor" som stakk av med prisen!

– Vi vart kjempeoverraska. Dei andre filmane var så bra og proffe, så detta var ikkje venta, seier Dagny Sunde til NRK.

Filmen deira handlar om frykta for å ikkje er gjort leksene og er laga i skuletida. Med ein pris på 8000 kroner i fotoutstyr lovar jentegjengen at det fort vert fleire filmar.

– Det er røysterekord for festivalen som ikkje har vore over 2000 nettrøyster tidlegare. Det er me veldig godt nøgde med, seier festivalsjef Sunniva Lerum Hollekve.

Prisutdelinga skjedde tradisjonen tru med raud løpar og gallafest i Sogndal kulturhus torsdag kveld.

Dagny Sunde vann publikumsprisen

GLAD VINNAR: Charlotte Smørdal Årsheim, Thea Mavropoulou, Dagny Sunde og Mariel Førde Myhre med det synlege provet på at NRK sine lesarar har kåra filmen hennar til publikumsfavoritt.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Prisvinnarane:

Publikumsprisen, røysta fram av NRK sine lesarar: Charlotte Smørdal Årsheim, Thea Mavropoulou, Dagny Sunde og Mariel Førde Myhre, Fryktfaktor

Sogndal Filmfestival 2016

Publikumsprisen, Dagny Sunde

Animasjon: "Veggen", Simon Kleiveland

Dokumentar og beste film: "Takk for turen", Håvard Bergo

Etterarbeid: ”Oppvakning” av Anders Bennæs

Sogndal filmfestival 2016

Beste regi og manus: "Brodd", Even Husby Grødahl

Sogndal filmfestival 2016

Sport: Håvard Bergo, "Sway"

Juniorklassa: ”Mobbing”, Andrine Nornes

Senior: ”Rerun”, Simon Kristiansen

Sogndal filmfestival 2016

Juryprisen: ”Skeleton Sea”, Mauritz Solberg