Sist vinter var vegen stengd berre 13 timar, medan riksveg 7 over Hardangervidda var stengd nær 50 ganger så lenge.
Arkivfoto NRK
Stamveg aust-vest
Vegen over Filefjellet heitte i si tid E 68, og det var påstanden om at det var tryggaste vintervegen som låg i botnen då dåverande samferdsleminister Kjell Opseth fekk gjennom at stamvegen aust-vest skulle gå der.
I særklasse
Sist vinter var snørik, men Filefjellet var stengd i berre 13 timar og hadde 49 timar med kolonnekøyring sist vinter. Med det var vegen i særklasse. Riksveg 52 over Hemsedal er også ganske trygg, men var stengd i 36 timar og hadde 108 timar med kolonnekøyring. E 134 over Haukelifjell hadde litt meir, 44 timar stengd og 375 timar kolonne.
Mykje kolonnekøyring
Desse vegane hadde lite stenging og høvesvis meir kolonnekøyring. For andre vegar er situasjonen omvendt. Riksveg 7 over Hardangervidda var stengd heile 615 timar og hadde 354 timar kolonne. Riksveg 15 over Strynefjellet var stengd i 314 timar og hadde 100 timar kolonne, medan riksveg 50 Aurland - Hol var stengd i 468 timar og hadde kolonne 318 timar.
Som i Stamvegvisa
Så dei som skal mellom Austlandet og Vestlandet når veret dreg seg til, bør nok framleis følgje oppmodinga frå Kristen Olav Grøttebø i Stamvegvisa.